Reidun Aambø held foredrag om boka som inneheld portrett av 45 kvinner frå Berte Kanutte til Beady Belle med liv som har vore prega av engasjement og suksess, men også av ulike kampar så vel som tolmod, uthaldenheit og sorg. Nokre av kvinnene har vi lese om i pressa og sett på TV, for nokre har vunne prisar og fått kongens sølv. Men fleire er det vi kan kalle kvardagsheltinner som har levd såkalla vanlege liv. Alle har sine historier, og alle har sett spor på ulike vis. Det kan vere i form av særskilt samfunnsinnsats, eller talent for husflid, kunst og god bakst. Nokre vert hugsa for treffande replikkar, omsorgsarbeid eller for å kunne snu ein kalv i mors liv. Fleire har funne inspirasjon og fått kunnskapar frå eldre kvinner, ofte bestemødrer.
Arbeidsplassane er mange, til dømes i apoteket, i kjøkkenet, i operasjonssalen, på sjøen, i fjøset, i klasserommet eller i atelieret. Fleire av kvinnene har hatt høve til å bruke ressursane sine, men nokre fortel at det berre var sonen i familien som kunne få utdanning. Dei sjølve måtte nøye seg med draumen.
Under vegs i arrangementet vert det song ved Astrid Gjersdal.
Arrangementet er gratis, men med omsyn til smittevern ber vi om at gjester registerer seg i forkant via denne lenkja.