Tilbake til alle arrangement

AVLYST: Perleskum

laurdag, 14. mars 2020

Konserten er avlyst!

Melding frå utøvarane:

«Det er med tungt hjarte me må avlyse og utsette platesleppkonsertane som skulle vore i Møre og Romsdal denne helga.

Ein av våre musikarar er satt i karantene på grunn av ferdsel i risiko-område. I tillegg ser me det som viktig å vere med på den store dugnaden mot korona-spreiing, trass ulemper det har for både oss og publikum. 

Me kan ikkje vite når Noreg blir friskmeldt og folk igjen kan samle seg i konsertsalar, men førebels har me sikta oss ut nokre datoar i november 2020. Me gir beskjed så snart konsertdatoane er på plass!»

Alle som har kjøpt billettar vil få desse refundert automatisk dersom dei er kjøpt på nett. Har du kjøpt billett via skranken i Ivar Aasen-tunet må du kontakte oss for refusjon.

 

Platesleppkonsert i Salen, Ivar Aasen-tunet

Aasmund Olavsson Vinje, den tvisynte diktaren med den skarpe pennen blir feira med ny musikk! To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Vinje sine gamle ord, og har med seg eit spildrande nytt album. Tuba-virtuosen Daniel Herskedal ertar den kvikke nordmørs-stemma Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg ausar på og opp og fram med boge og streng.

Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannprisar og ei imponerande merittliste.

«Perleskum» spring ut frå tingingsverket «På geitevis», som var tinga av Førdefestivalen 2018.

Jorun Marie Kvernberg: fele, hardingfele, song (og komposisjonar)
Unni Boksasp: folkesong, zitter
Daniel Herskedal: tuba
Dag-Filip Roaldsnes: piano
Aasmund Olavsson Vinje: skarp penn

Arrangør er Jorun Marie Kvernberg

  • Type: Konsert
  • Tid: 14. mars 2020 - 18:00 - 19:30
  • Stad:Ivar Aasen-tunet

Legg til kommentar

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk