Tilbake til alle arrangement

Øystein Orten og Odd Goksøyr

onsdag, 16. september 2020

Begge kjem frå Hareid og begge er aktuelle med spanande bøker denne hausten. Onsdag 16. september kan du bli kjend med Krigshistorier og Aljamarkir.

Litteraturhausten i Aasen-tunet tek laust med kortreiste forfattarar som rettar blikket både utover og innover. Øystein Orten og Odd Goksøyr er røynde og dyktige historieforteljarar, og Aasen-tunet har utfordra dei til å intervjue kvarandre om dei nye bøkene Krigshistorier (Orten) og Aljamarkir (Goksøyr).

I novellesamlinga Krigshistorier fortel Øystein Orten om vanlege menneske som lever i skuggen av dei store hendingane under krigen og blir stilte overfor vanskelege val og dilemma. Tekstane til Odd Goksøyr i Aljamarkir går føre seg både i mytisk urtid og vår eiga samtid. Det handlar om å lengte og å leite, om opphav, avstand og forsoning.

Vi ser fram til ein givande samtale som tek føre seg nære relasjonar og store samanhengar. På grunn av smitteverntiltak har vi avgrensa plass, og vi vil oppmode om å tinge billett på førehand og elles følgje smittevernråda frå styresmaktene.

Bøkene får du kjøpt i butikken i Ivar Aasen-tunet, der du også kan få dei signert rett etter arrangementet, eller på Handlenett.no.

Student og ungdom kr 50 / vaksne kr 100

  • Type: Foredrag
  • Tid: 16. september 2020 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Salen, Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk