Tilbake til alle arrangement

Odd Nordstoga kl. 18.00

laurdag, 7. november 2020

Endeleg kjem festspeldiktar Odd Nordstoga!

NB: sjå viktig informasjon ved tinging av billettar lenger nede i teksten.

I samarbeid med Rokken i Volda presenterer Dei nynorske festspela Odd Nordstoga, som i haust legg ut på ein turné ulikt det han nokon gong har gjort før. I ein ny triokonstellasjon og med ferskt album i bagasjen gir han to konsertar på Rokken denne kveldentilpassa ein ny kvardag.  

Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album «Fatig ferdamann».  

Det var ikkje i planen at det skulle kome ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje freistande, det skulle kome når det skulle. Låtane som har kome ut i løpet av våren og sommaren har også blitt sjeldan godt motteke og konsertstadene har opna. Kva skal ein artist gjera anna enn å sei – Det er klart det blir turné!  

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge er fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå mange andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitje heime. Velkomen til konsert!   

Det er altså to konsertar på Rokken denne kvelden. Ein kl. 18 og ein kl. 21. Begge har avgrensa kapasitet, så ver rask med å tinge din billett! Når du har tinga billettar kan du sende e-post til post@rokken.no for å informere om kven du skal sitje saman med, dersom de er i same husstand eller kohort. Par blir plassert saman, og kohortar på tre-fem personar blir plasserte saman ved bord og elles er det enkle plassar med ein meters mellomrom. Namn og telefonnummer blir lagra i ti dagar etter arrangemenetet for å sikre eventuell smittesporing.  

Konserten er ein del av programrekkja Etterspel, presentert av Dei nynorske festspela. Fleire arrangement blir annonserte snart! 

  • Type: Dei nynorske festspela,Konsert
  • Tid: 7. november 2020 - 18:00 - 19:30
  • Stad:Studenthuset Rokken, Volda

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk