Tilbake til alle arrangement

Milan Ilic – Om mat – vanar og uvanar

torsdag, 17. desember 2020
Bilete av Milan Ilic

Torsdag 17. desember inviterer Milan Ilic til eit foredrag om vanar og uvanar i samband med matlaging. Han vil mellom anna snakke om korleis ein kan unngå matsvinn, og kor viktig det er å prioritere tid til å planleggje måltida. Slik kan ein spare både tid og energi. Kosthaldet er spesielt viktig for borna våre, som skal vekse opp med sunne matvarer for å halde seg friske og sterke. Det blir høve til å smake på Tunbrød og Tunpølse frå Åsen. Tunbrødet er utvikla i samarbeid med Westre Bakeri i Ørsta, medan tunpølsa er utvikla i samarbeid med Ole Ringdal AS på Hellesylt.

Arrangementet er gratis, men med omsyn til smittevern ber vi om at gjester registerer seg i forkant via denne lenkja.

  • Type: Foredrag
  • Tid: 17. desember 2020 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Salen, Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk