Tilbake til alle arrangement

UTSELD! Magnus Takvam: Mi mor, Marie Takvam

torsdag, 28. oktober 2021

Ekstra foredrag er sett opp kl. 20.30. Billettar kan kjøpast her.

Torsdag 28. oktober kjem journalist og politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, for å presentere biografien Hun skrev for å kunne leve – Min mor, Marie Takvam. Marie Takvam var ei viktig nynorsk diktarstemme og debuterte med diktsamlinga Dåp under sju stjerner i oktober 1952. Marie Takvam, fødd Marie Ragnhild Skylstad, var fødd og oppvaksen på Skylstad i Hjørundfjorden. Etter ei lang og rik karriere blei ho også heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2003. 

I biografien formidlar Magnus Takvam eit kunstnarportrett av ein av våre største norske lyrikarar. Samstundes skriv han om korleis han som son opplevde å vokse opp med ei mor som på den eine sida levde eit spennande liv, men på den andre sida hadde ein vanskeleg kvardag. 

Vel møtt til eit spennande foredrag i Aasentunet!

Les meir om Marie Takvam i Store norske leksikon

  • Type: Foredrag
  • Tid: 28. oktober 2021 - 19:00 - 20:00

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk