Tilbake til alle arrangement

Lesestund med Marianne Gretteberg Engedal

sundag, 5. desember 2021
Eg kan ikkje vere med, sa Kjell.
Tull, du har ikkje feber, sa mor.
Men eg har vondt i magen.
Du er berre spent!
Eg vil ikkje stele frå Pølse-Per, han er venen min!
Ein sann tjuv må kunne stele frå kven som helst!
Kjell er ni år og fødd inn i ein tjuvefamilie. Men Kjell vil ikkje vere tjuv. Ein dag må han stele frå vennen sin, Pølse-Per.
Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er – og om å tore å leve slik ein ønskjer.

Søndag 5. desember kjem forfattaren av boka Pølsetjuven til Aasentunet for å lese frå boka.

Marianne Engedal. Foto Tove K. Breistein

Forfattaren heiter Marianne Gretteberg Engedal og har både skrive og teikna historia om Pølsetjuven. Marianne likar å teikne med mange fargar og få med mange detaljar. Det gjer boka om Pølsetjuven til ei fargerik bok med mykje å sjå på!
Mange av barnehagane i vårt område har alt lese denne boka og brukt historia om Pølsetjuven til å lage sine eigne teikningar og skulpturar. Desse Pølsetjuv-kunstverka stiller vi ut i Salen under familiedagen.
Lesestunda/denne boka høver best for born frå 3 år og oppover.
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og kokk frå Haugastøl. Ho er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har gitt ut bøkene Pølsetjuven (2019) og Polititjuven (2021). For Pølsetjuven vann ho Kulturdepartementets bildebokpris 2019.
  • Type:
  • Tid: 5. desember 2021 - 13:00 - 14:00
  • Stad:Salen, Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk