Tilbake til alle arrangement

AVLYST – Kommunal feelgod med Jens Kihl

torsdag, 19. mars 2020

Vi er godt inne i 2020 og kommunereforma er eit faktum. Den 1. januar blei 119 av kommunane i Noreg til 47 nye «storkommunar». Vil utvikla halde fram? Det tek ein time å gå frå Åmdalen til Ørsta Rådhus, og då er det kanskje ikkje så stor skilnad å traske over Krøvelseidet til Volda? Er det så farleg? Og korleis vil det eigentleg gå med voldingane og honndølane no?

Ein som verkeleg har tatt seg tid til å tenkje på kommunereforma er kommentator og journalist i Bergens Tidende, Jens Kihl. I prosessen for å skrive boka Dette er også Noreg – kommunal feelgod har han vitja alle kommuner i Noreg – før reforma.

19. mars kjem han til Aasen-tunet for å fortelje om kva han har sett og for å freiste å svare på spørsmålet han sjølv røyser i boka si: «Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kna sikre gode lokalsamfunn for framtida?»

Kihl møter professor og eks-ordførar i Volda, Jørgen Amdam, for å drøfte alle dei store spørsmåla vi har om kommunane våre, reforma og framtida. Samtalen blir leia av programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Jens Kihl er kommentator i Bergens Tidende. Han har vore journalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag.

Jørgen Amdam er professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda. Han var ordførar i Volda frå 2015 til 2019, og soleis sterkt involvert i samanslåingsprosessen mellom Volda og Hornindal.

Vel møtt!

  • Type: Forfattarsamtale
  • Tid: 19. mars 2020 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Ivar Aasen-tunet, Salen
  • Lengd:60 minutt

Legg til kommentar

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk