Tilbake til alle arrangement

Jul på sunnmørsk – UTSELD

tysdag, 22. desember 2020
Jul på sunnmørsk

Jul på sunnmørsk er eit prosjekt der gamle og nye julesongar blir framførte på klingande sunnmørsdialekt. Dyktige musikarar inviterer det norske folket inn i jula, jazzen og varmen. Vokalist Siril Malmedal Hauge gjendiktar engelske songtekstar til sunnmørsk, men byr også på velkjende norske juletradisjonar – med alt det fine og idylliske, og nokre gonger irriterande typiske. Her blir «Let it snow, let it snow, let it snow» til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn», og «Walking in a winter wonderland» blir til «Julestemning veks ikkje på tre». Songane tek sansane med til julekvelden: det dampande pinnekjøtet, den deilige juletrelukta og svoren som helst bør vere sprø. Alt blir tolka på leikent vis med spennande vriar, slik som når Alf Prøysens «Romjulsdrøm» møter Charlie Parkers «Anthropology».

Ivar Aasen-tunet med butikk, kafé og utstilling held i samband med arrangementet langope frå kl. 12.00 til kl. 21.00.

Siril Malmedal Hauge – vokal
Sondre Ferstad – munnspel
Dag-Filip Roaldsnes – piano
Martin Morland – bass
Henrik Lødøen – trommer

  • Type: Konsert
  • Tid: 22. desember 2020 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Salen, Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk