Tilbake til alle arrangement

Jul på sunnmørsk

sundag, 19. desember 2021
Jul på sunnmørsk

Jul på Sunnmørsk har tatt for seg den finaste amerikanske julemusikken og gjendikta tekstane til sunnmørsdialekt. På sunnmørsk blir «Let it snow, let it snow, let it snow» til «Det ekje snøv, det e sludd, det e regn,». Og «Walking in a winter wonderland» har fått tittelen «Julestemning veks ikkje på tre». Det blir swing, humor og halsbrekkande improvisasjonar, men også fintfølande og stemningsfull julemusikk.

Bandet gav ut plata «Jul på Sunnmørsk» i 2018, som blei omtala som «the best Christmas jazz record this side of the millennium» av nettstaden records.christmas.

Publikum kan vente seg eit band som osar av speleglede og overskot, leia av ei nydeleg stemme.

Siril Malmedal Hauge – vokal
Sondre Ferstad – munnspill
Kjetil Jerve – piano
Martin Morland – bass
Henrik Lødøen – trommer

  • Type: Konsert
  • Tid: 19. desember 2021 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Salen, Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk