Tilbake til alle arrangement

Halvor Folgerø: Vestlandsvegar

torsdag, 16. desember 2021

Torsdag 16. desember kjem journalist og forfattar Halvor Folgerø til Aasentunet for å fortelje om boka Vestlandsvegar: historier om farlege og spektakulære vegstrekk. Folgerø er ein røynd formidlar som lovar eit spesialtilpassa foredrag for publikum på Sunnmøre! 

Om boka:
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på. 

Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen. 

På Sunnmøre har han sett spesielt på vegane i og rundt Geiranger. Frå dei første arbeidarane gjekk laus på motbakkane i 1881 til dagens straum av campingbilar og bussar har det skjedd mykje, både med vegane og bruken av dei. Både turistguidar, bussjåførar og brøytefolk fortel sine historier i boka.

Dørene i Aasentunet opnar kl 19.00. Følg lenkja for billettar.Vel møtt! 

  • Type: Foredrag
  • Tid: 16. desember 2021 - 20:00 - 21:00
  • Stad:Salen, Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk