Tilbake til alle arrangement

Festspeldiktaren: Stein Versto

sundag, 18. oktober 2020

Dei nynorske festspela inviterer til diktarsamtale med  Stein Versto, leia av den prislønte forfattaren Ingrid Storholmen. Storholmen har god kjennskap til forfattarskapen til Versto og vil lose publikum gjennom ein spennande og variert karriere. 

Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Sjølv har han skrive tekstar til fleire artistar, og står også bak romanen Nidaros (2013). Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar, og han har skrive om folkemusikk og folkediktingFela blir også med til Aasen-tunet denne ettermiddagen.

Odd Nordstoga og Stein Versto har saman vore festspeldiktarar i 2020. Det mest kjende samarbeid mellom dei to er songen «Frøken Franzen», og der er ei lang rekkje fleire songar frå Nordstoga som Versto har skrive tekstar til. På nynorsk.no kan du finne ei rekkje innslag som festspeldiktarane og andre har laga til Digitale festspel 2020. 

Arrangementet har avgrensa plass, og med omsyn til best mogleg smittevern og informasjon vil vi tilråde publikum å tinge billettar i god tid.

  • Type: Dei nynorske festspela,Samtale
  • Tid: 18. oktober 2020 - 17:00 - 18:00
  • Stad:Salen, Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk