Tilbake til alle arrangement

Draumkvedet

23. februar 2020, 18:00 - 15. februar 2020, 19:30
Foto av Tøge Talle og Ole-Henrik Moe

Ivar Aasen-tunet og Folkeakademiet Sogn og Fjordane inviterer til ein stemningsfull konsert med ei moderne tolking av det sagnomsuste Draumkvedet.

Draumkvedet er eit visjonsdikt frå ca. 1300, men kan hende så seint som 1500. Diktet vart skrive ned ca. 1850 i Telemark, og det er sett saman av fleire avdelingar som vert sungne med forskjellige tonar.

Tøge Talle og Ole-Henrik Moe er attende med sin «sognifiserte» versjon av dette eposet. Begge har sterk familietilknyting til Sogn. Difor har dei fått Alv Reidar Dale til å gjendikte visjonsdiktet til sognemål. Dei har og tatt utgangspunkt i gamalt vokalstoff frå Sogn, og laga nye melodiar til verket.

Den musikalske ramma kring verket har eit modernistisk uttrykk, som framhevar og dramatiserer handlinga, med sterke klangfargar frå historisk klangbotn.

Velkomne til konsert!

Les meir om Draumkvedet hos Allkunne.

  • Type: Konsert
  • Tid: 23. februar 2020 - 18:00 15. februar 2020 - 19:30
  • Stad:Ivar Aasen-tunet, Salen
  • Lengd:90 minutt

Legg til kommentar

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk