Tilbake til alle arrangement

Boklansering og signering av Toppturar i Sunnmørsalpane – andre utgåve

torsdag, 2. desember 2021

Det vert boklansering og signering av andreutgåva av Toppturar i Sunnmørsalpane i Aasentunet torsdag 2. desember kl. 19.00.

Den nye utgåva er ei nesten heilt ny skibok som inneheld ei rekkje nye toppturar (med vekt på trygge turar), eiga skredvurdering for kvar tur, ruteinnteikningar både på kart og på oversynsbilete og eit par hundre heilt nye bilete av fjellfotograf Håvard Myklebust.

Forfattar Stig J. Helset vil presentere ulike sider av boka før fotografen vil syne fram bilete frå boka og dessutan forklare korleis han tenker når han komponerer skibilete. Etter presentasjonen blir det sal og signering av skiboka.

Arrangementet er gratis, og det vert open kafé heile dagen (frå 12.00.)

  • Type: Foredrag
  • Tid: 2. desember 2021 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk