Tilbake til alle arrangement

Bok og bakverk: Språk på vandring

21. februar 2020, 14:00 - 11. februar 2020, 15:00

Ivar Aasen-tunet og bibliotekar Siri Beate Gjerde inviterer til ei ny utgåve av Bok og bakverk! Det blir fersk bakst og eit blikk på språk og litteratur.

21. februar markerer vi den internasjonale morsmålsdagen med temaet «språk på vandring».

Kva skjer eigentleg når menneske på vandring mistar moglegheita til å bruke morsmålet sitt på same måten som tidlegare og må tilpasse seg eit heilt ny språkleg røynd?

Kva gjer det med menneske på flukt at dei opplever eit slikt språkbrot i liva sine? Kva innverknad har det på livet dersom ein blir meir og meir distansert frå morsmålet sitt? Er det i det heile mogleg å setje ord på denne opplevinga av språkskifte? Kor bra fungerer undervisninga i norsk for utlendingar, og kva skal til for å lykkast med det? Kva kan den vanlege mannen, kvinna og skuleeleven i Noreg gjere for at den språklege barrieren for innvandrarane i størst mogleg grad skal bli ein god overgang prega av dialog og inkludering, i staden for ei distansert oppleving som ebbar ut i segregerte kulturar?

Dette er hovudspørsmåla i utstillinga «Menneske og språk på vandring», som Ivar Aasen-tunet stod bak i 2016. Siri Beate var sjølv med på å skape denne og tek oss med inn i tematikken og relevant litteratur. Vel møtt!

Les meir om utstillinga «Menneske og språk på vandring» her.

  • Type: Foredrag
  • Tid: 21. februar 2020 - 14:00 11. februar 2020 - 15:00
  • Stad:Ivar Aasen-tunet, Kafeen

Legg til kommentar

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk