Tilbake til alle arrangement

Besøk av Hjørundfjordstrikk

torsdag, 3. desember 2020

Torsdag 3. desember har butikken i Ivar Aasen-tunet langope. Denne dagen kjem også damene i Hjørundfjordstikk på besøk, som tidlegare i haust lanserte Hjørundfjordgenseren, eit nytt strikkedesign inspirert av ein vevnad funne i fjorden. Damene bak nysatsinga Hjørundfjordstrikk er Linda El ́Mourabit og Marita Bett Aakre. Torsdag kan du møte dei i Ivar Aasen-tunet og samstundes sikre deg garnpakke av Hjørundfjordgenseren eller Kufjordkofta, som nok vil ligge under mange juletre i år.

Vi gler oss til å møte kundane i Aasen-tunet, seier Linda El ́Mourabit, som har ansvar for å utforme produkta i Hjørundfjordstrikk. Strikking er i vinden som aldri før, og for dei strikkeglade kan ein vel ikkje få ei betre julegåve enn ei pakke med mønster og nok garn. Garnpakkane sel vi i hovudsak frå nettbutikken vår, difor er det kjempefint å kunne møte kundane på ein så fin stad som Aasen-tunet. Vi har avtalt med butikkansvarleg Anders Kalvatn at han fyrer i peisen og at det blir julemusikk i lokalet denne dagen, som også har gode tilbod på strikkebøker, sjølvsagt på nynorsk. Og kanskje nokon vil ta med seg strikketøyet sitt og sitje i kafeen å strikke litt denne dagen?

Hjørundfjordstrikk er eit flunkande nytt strikkemerke som blei etablert i mai i år. Målet med Hjørundfjordstrikk er å ta vare på og fornye norsk strikkekultur og -tradisjon. Utforminga har rot og inspirasjon frå området rundt Hjørundfjorden, og gjennom utforminga ønsker dei å formidle historie og kulturarv frå fjorden. Merkevara skal vere med på å løfte Hjørundfjorden som destinasjon står det å lese på nettstaden hjorundfjordstrikk.no.

Bilete av Hjørundfjordstrikk

  • Type:
  • Tid: 3. desember 2020 - 12:00 - 19:00
  • Stad:Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk