Tilbake til alle arrangement

Utsett! Reidar Djupedal-feiring i Aasentunet

torsdag, 5. august 2021
Foto av Reidar Djupedal

I høve Ivar Aasens fødselsdag 5. august markerer vi 100-årsjubileet til Aasen-forskar og professor i nordisk språkvitskap, Reidar Djupedal (1921–1989).

Vi feirar med godbitar frå samlingane. Denne dagen får du mellom anna høve til å sjå Aasens handskrift på nært hald.

Reidar Djupedal evna å setje språket i ein kulturhistorisk samanheng. Under arrangementet får vi høyre Tove Bull snakke om arbeidet til Djupedal. Ho er tidlegare rektor og professor ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet. Bull var ein av studentane til Djupedal. Dei som kjem til Aasentunet, får også høyre borna til Djupedal fortelje om faren sin, og det blir musikkinnslag ved Malin Victoria Alander. 

I 1987 testamenterte Djupedal den svært omfattande boksamlinga si til Aasentunet. Dette skapte behov for eit nytt bygg, og samlinga er no ein del av kjernen i verksemda til Nynorsk kultursentrum. 

Ein del av samlinga er fleire handskrift av Ivar Aasen. Vi stiller desse ut i utstillinga denne kvelden, slik at fleire får sjå dei. Skrifta er vanlegvis i museumsmagasinet, så arrangementet blir eit sjeldan høve til å sjå desse viktige døma frå arbeidet til Ivar Aasen, som Reidar Djupedal fekk teke vare på. 

  • Type:
  • Tid: 5. august 2021 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Salen, Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk