Tilbake til alle arrangement

A cappella julestemning med Mju

sundag, 28. november 2021

Kjøp billett her.

“Det som er i emning, er det vi kallar julestemning”, syng vokalgruppa Mju i ein av sine nye julesongar. Søndag 28. november kjem Mju til Aasentunet i Ørsta med stemningsfull og tradisjonsrik a cappella julemusikk.

Mju byd på ein god miks av tradisjonelle julesongar i nye arrangement og heilt nye julesongar. Ein stor del av repertoaret er henta frå albumet “Den hjartevarme jula” som Mju gav ut i 2019, og dei har supplert konsertprogrammet med både amerikanske julesongar og nyskrive materiale.

Alle songane blir framførte i eigne arrangement, tilrettelagt for stemmene til dei fire Mju-songarane, Irene Åbrekk Kalvatn, sopran, Anne Marta Vinsrygg Vadstein, alt, Svein Ola Lillestøl, tenor og Gaute Øvereng, bass og arrangør.

Mju ønskjer velkomen til ein kveld med mjuke klangar og lun førjulsstemning.

  • Type: Konsert
  • Tid: 28. november 2021 - 19:30 - 20:30
  • Stad:Salen, Aasentunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk