Tilbake til alle arrangement

Ylva og villgeitene med Hilde Myklebust

sundag, 6. desember 2020
Bilete av boka Ylva og villgeitene, og Hilde Myklebust

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

I Ylva og fjellgeitene får borna bli med Ylva på eit spennande eventyr som speglar samspelet mellom menneske, dyr og natur. Forteljinga finn stad i kjende omgjevnadar lik vår eigen heimstad her i regionen, noko som gir lesaren ein unik eigarskap til innhaldet.

Bli med når forfattar Hilde Myklebust les boka i Ivar Aasen-tunet 6. desember. Vi byr på høgtlesing, pianomusikk og adventssong denne søndagen.

Billettar kan du kjøpe her.

  • Type:
  • Tid: 6. desember 2020 - 15:00 - 16:00
  • Stad:Ivar Aasen-tunet

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk