Tilbake til alle arrangement

Dialektferda

tysdag, 26. november 2019

Journalist og forfattar Håvard Rem har gjennom 2019 reist landet rundt i Ivar Aasens fotspor, og tysdag 26. november går ferda heilt heim til kjelda til det heile: Ivar Aasen-tunet. Her møter han Runar Gudnason frå Side Brok til samtale om språkleg arv, identitet, inspirasjonskjelder og korleis livet i Danmark leia han «heim» til røtene, til ein spennande rapkarriere og ambassadør for nynorsk og dialekt.

Er all rap dialektrap? Korleis blei Side Brok møtt av andre i hiphop-miljøet då dei slo gjennom nasjonalt, og kva betyr Ivar Aasen, nynorsken og røtene i Hovdebygda for Gudnason?

Før samtalen får vi ei innleiing ved Liv Kreken frå nasjonalbiblioteket med tittelen «Graset er grønt for æille…».

Gjennom alle tider har folk på sida av samfunnet nytta visetekstar for å opponere mot storsamfunn og overmakt. Liv Kreken gir eksempel frå mellomalderen og fram til i dag, på korleis handling og språk i songtekstar er nytta på dette viset.

  • Organizer Name: Ivar Aasen-tunet
  • Telefon: 70 04 75 70
  • E-post: post@aasentunet.no
  • Nettstad: aasentunet.no
  • Type: Forfattarsamtale
  • Tid: 26. november 2019 - 19:00 - 20:00
  • Stad:Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda
  • Lengd:60 minutt

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk