Aina Basso er festspeldiktar i 2022

Bilete av Aina Basso
Foto: Oda Berby

– Eg trong ikkje tenkje meg om då eg fekk spørsmålet om å vere festspeldiktar, seier forfattar Aina Basso. No ser ho fram til å treffe publikum under Festspela 9.–12. juni 2022.

Under avslutninga av årets festspel i Aasentunet kunne arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik melde at forfattar og historikar Aina Basso frå Giske vert festspeldiktar i 2022.

– Vi gler oss stort over at Aina Basso blir festspeldiktar neste år. Ho er ein sterk og spennande forfattar som skriv godt for mange ulike målgrupper. Her blir det programpostar for alle, og vi er allereie i dialog om kva vi skal finne på, seier arenaleiar Opsvik.

Festspeldiktaren var ikkje i tvil då ho fekk førespurnaden, og synest det er ei stor ære:

– Eg kjenner ei nær tilknyting til både Aasentunet og Festspela, og eg har vore der ofte sidan eg debuterte som forfattar i 2008. Den første gongen eg var på Festspela som publikummar, var i 2009, og året etter stod eg sjølv på programmet. Eg ser fram til å kome tilbake i 2022!

Aina Basso (f. 1979) debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite (2008). Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og ungdom. For ungdomsboka Inn i elden blei ho i 2012 nominert til Brageprisen og i 2013 nominert til Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok. I 2014 fekk ho Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for romanen Fange 59. Basso har også fått Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman for både Taterpige (2010) og Finne ly (2014).

Festspela 2022 blir gjennomført i Aasentunet og ved andre arenaer på søre Sunnmøre 9.–12. juni 2022. Programplanlegginga er i gang.

Redaktør: Maria Fet

Ansvarleg redaktør: Per Magnus F. Sandsmark

Nynorsk kultursentrum © 2020 Alle rettar
Personvern/  Vilkår for bruk