smørbukk og donald.jpg

Temautstilling: Striper, ruter, bobler

Når:
-
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
Inkludert i inngangsbilletten til museet

Temautstilling om nynorske teikneseriar

Frå 1984 til 1991 kom det ut sju Disneyalbum i nynorsk utgåve – sidan har det vore stille på den fronten. Men på nyåret kom den vidgjetne anda igjen i ei språkdrakt som får fjøra til å bruse. I tillegg til eit opptrykk av den segnomsuste historia Eggemysteriet, som stod på trykk første gongen i 1963, får lesarane no to heilt ferske historier på nynorsk, skrivne av Olaf Solstrand. Det har vore eit stort engasjement for å lese Donald på nynorsk att. Ivar Aasen-tunet markerer utgivinga av nynorskalbumet med å vise temautstillinga Striper, ruter, bobler. Nynorske teikneseriar frå Smørbukk til Margarin frå 2003.