iStock-466268301 1280pix.jpg
Foto: iStock Pogonici

Temautstilling: Eg er (står t.o.m. 22.11.)

Når:
-
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenFamilieBarnStudentHonnørGruppe
10022050507070

Foto- og temautstilling om språk og identitet.

Politikar, lærar og nynorskbrukar Marit Nerås Krogsæter opna utstillinga 1. juni, og stilte spørsmål ved det statiske i omgrepet identitet. 

– Er identitet eigentleg noko som er statisk og som me har gjennom heile livet, eller er identitet noko ein kan leggje frå seg som ein gløymt ryggsekk i hattehylla i bussen? Kan ein eigentleg miste identiteten sin? stilte ho spørsmål ved.

– Sjølv ser eg på identitet som eit unikt puslespel som er deg, som er meg, som er oss. Eg trur ikkje at nokon kan vere akkurat den same som nokon andre, sjølv om ein kan ha likskapstrekk med einskilde grupper, miljø eller familien. Puslespelet, som er deg, er sett saman av mange ulike identitetar, for eg trur ingen kan vere ein identitet åleine.

Nerås Krogsæter hadde også inntrykk av det ofte er lett å setje merkelappar på folk, eller å bli sett i bås. Sjølv blir ho framleis kalla ungdomspolitikar, sjølv om ho har vore lengre i politikken enn mange som er eldre enn henne.

Innandørs har utstillingsmakarane i Aasen-tunet gått så langt som å snekre ein bås for å illustrere nettopp at det er lett å bli sett i bås når det gjeld identitetar. Inne i sjølve båsen kan ein sjå inn i eit kikkeskåp, der ein vil oppdage forvitnelege sitat om emnet.

Det har også blitt laga ein videoinstallasjon med sju personar, som svarar på det fundamentale spørsmålet «Finst det ein nynorsk identitet?». Mellom desse er Linda Eide, Geir Hjorthol og JON OLAV.

Fotoutstillinga utandørs er ein ny stor satsing frå Aasen-tunet, og det er fotograf Anne-Marte Før som står bak dette prosjektet. Tanken er å vise at det ofte berre er språket som er felles for nynorskbrukarane. Før var sjølv til stades på opninga av utstillinga, og nytta høvet til å takke personane som har stilt opp på dette prosjektet.

Utstillinga vil stå framme heile sommaren og hausten. 

 

Opningstider og prisar

1. juni–15. august:
Måndag–fredag kl. 10–17
Laurdag og søndag kl. 12–17
Ope etter avtale utanom vanleg opningstid

16. august–31. mai:
Måndag–fredag kl. 10–16
Søndag kl. 12–17
Laurdag stengt

 

Vaksen 100
Barn (0 - 5 år) Fri
Barn (6 - 16 år) 50
Student 50
Honnør 70
Familie (barn og inntil 2 vaksne) 220
Gruppe (min. 15 personar, pr. pers) 70
Skuleelev (klassebesøk) 20
Barnehageborn Fri

 

Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.
Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis.
Vi opnar gjerne Ivar Aasen-tunet for grupper (min. 15 pers.) utanom opningstidene. Då kjem det eit tillegg i prisen på 25,- pr. person.