Terje Kjøde, Terje Aarset og Roar Goksøyr Lillebø
Terje Kjøde, Terje Aarset og Roar Goksøyr LillebøFoto: Ivar Aasen-tunet

Symra

Når:
VaksenStudent
10050
Kjøp billettar

Terje Aarset fortel og samtalar om boka "Symra" med Terje Kjøde. Musikalsk tonefølgje av Roar Goksøyr Lillebø. Nysteikte vaflar i kafeen.

150 år etter at Ivar Aasen gav ut diktsamlinga Symra, har Terje Aarset laga eit prakteksemplar av ei ny utgåve. Søndag fortel han om boka i samtale med Terje Kjøde, til musikalsk tonefølgje av Roar Goksøyr Lillebø.

Aarset_Terje_Symra.jpg
I tillegg til dei opphavlege dikta er det ei rekkje tekstar i den nye utgåva som kastar lys over Symra som litteratur. Boka fortel om Jakob Kobberstad, som stod for notetillegget i 1875-utgåva, Aasen i songbøkene og Aasen-dikting på plate. I samtalen mellom Aarset og Kjøde får du mellom anna høyre om språket og musikken, om dei ulike utgåvene som er komne sidan 1863, og om Aasen-dikt i omsetjing.

Terje Aarset si nye utgåve av Symra har nye notar, for første gong på over hundre år. Notesatsen er av Bård Dahle. Illustrasjonane til fleire av dikta er overraskande og kan opne for nye tankar hos lesaren.

Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von.

Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar. Den mest kjende songen i Symra er ”Mellom bakkar og berg”, ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong.

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.