Stig Ulv og Hilde Myklebust
Stig Ulv og Hilde MyklebustFoto: Carl-Åge Henriksen, Tove K. Breistein

Stig Ulv og Hilde Myklebust

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
250150200
Kjøp billettar

Det blir eit unikt møte mellom poesi og musikk når strengekunstnar Stig Ulv møter diktar Hilde Myklebust i Aasen-tunet torsdag 21. mars. Saman skal dei framføre heilt ny musikk og lyrikk for publikum.

– Stig Ulv er på mange måtar ein av dei mest kompromisslause artistane eg veit om. Han har alltid gått sine eigne vegar, og har lukkast stort med det. Vi er difor trygge på at det er ein god idé å utfordre han på noko heilt nytt, slik som vi har gjort her. Eg er spent og gler meg til å høyre resultatet, seier programansvarleg i Aasen-tunet Olav Øyehaug Opsvik.

Stig Ulv debuterte med albument Strengetonar i 2012, og har sidan gitt ut fire album, mellom anna Akustikar i 2017. Han ser fram til å høyre Myklebust lese til eigen nyskriven musikk. – Sjølv om tekst og instrumentalmusikk er ulike uttrykksformer, meiner eg at vi har mykje av det same uttrykket i botnen, seier gitaristen.

Myklebust har gitt ut ei rekkje diktsamlingar. I 2004, under Ulvik poesifestival, fekk ho lyrikkprisen saman med Ørjan Simonsen. Forfattaren skriv vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, i både dikt og romanar, for vaksne og for barn. No gler ho seg til å lage noko heilt nytt saman med Stig Ulv.

– I dette møtet vil poesi og musikk løfte kvarandre, og saman lytte seg fram til eit felles språk som blir eineståande for denne konserten, fortel Myklebust.