goksøyr og red rooster band_2015.jpg

Sleppekonsert: Odd Goksøyr og Red Rooster Band

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
100 (sal i døra frå kl. 18)

Odd Goksøyr og Red Rooster Band har sleppekonsert for plata «Grådig engel, trulaus mann» i Salen i Aasen-tunet.

Prosjektet presenterer fjorten songar med tekstar og melodiar av Odd Goksøyr, nytt og gammalt, frå 1990-talet til 2010-talet. Musikalsk kan ein kanskje oppsummere med noko slikt som at nedtrykt visepoet møter (litt meir) oppstemt bluesband. Og som einkvan så kjekt sa det under sluttmiksinga, «resultatet vart ikkje så trist so m ein skulle tru!.»

Odd Goksøyr (f 1952), forfattar og trubadur frå Sunnmøre, har sidan 1970-åra teke del/bidrege i mange arrangement i krysningsfeltet mellom poesi og musikk.
Sjå elles www.respatekspalass.no

The Red Roosters Blues Band
Dei fem musikarane i The Red Roosters Blues Band har den musikalske basen sin i Volda. Gjennom ei rekkje spelejobbar på klubbar og festivalar har The Red Roosters Blues Band etablert seg som eit folkeleg og populært bluesband.