Bård Vegar Solhjell
Bård Vegar SolhjellFoto: Stig Weston

Sjakk matt

Når:
VaksenStudent
10050
Kjøp billettar

Bård Vegar Solhjell om boka "Sjakk – ei kjærleikshistorie" i samtale med Egil Arne Standal. Sjakkturnering i kafeen etter samtalen.

Visste du at politikar og tidlegare statsråd Bård Vegar Solhjell i sin ungdom var ein talentfull sjakkspelar? No har han skrive bok om denne lidenskapen, eit av verdas mest utbreidde spel. Torsdag 30. oktober kjem han til Ivar Aasen-tunet med boka Sjakk – ei kjærleikshistorie. Og sjølvsagt blir det sjakkturnering.

Heile livet har politikaren Bård Vegar Solhjell vore djupt fascinert av sjakk. I barndomen var han ein talentfull sjakkspelar, seinare vart sjakken meir som ein hemmeleg lidenskap.

I boka forklarer Solhjell enkelt og underhaldande kvifor stadig fleire elskar sjakk. Han skriv om sjakkens historie og framtid. Om kvar sjakk kjem frå, dei store profilane, og om sjakk i film, musikk og i politikk.

Dette er ei bok for alle nysgjerrige som sit med spørsmål utan svar etter OL og VM. Ei bok for deg som vil forstå meir av eit av verdas eldste og mest utbreidde spel.

Bård Vegar Solhjell er frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane og har vore både kunnskapsminister og miljøvernminister. I dag er han stortingsrepresentant for SV frå Akershus og nestleiar i SV.

I Aasen-tunet vil Solhjell lese frå boka og samtale med Egil Arne Standal. Standal bur i Ørsta, er mangeårig sjakkentusiast og har mellom anna vore dommar i sjakk-OL. Etter samtalen blir det sjakkturnering i kafeen, sal av mat og signering av bøker.

Sjakk matt av Bård Vegar Solhjell
Sjakk matt av Bård Vegar Solhjell