Santa Lucia

(Omsett av Ingvar Moe, år ukjent)

Natta har svart og stor
gøymt stall og stover.
Sola har gått sin veg.
Dagen er over.
 
/:Inn i vårt mørke hus,
stig no med kveikte lys,
Santa Lucia, Santa Lucia.:/

Natta er mørk og stum.
Med eitt det susar
i alle stille rom
som venger brusar.
 
/:Sjå på vår terskel står,
kvitkledd med lys i hår,
Santa Lucia, Santa Lucia.:/
 
«Mørkret skal fara snart
frå fjell og dalar.»
Slik ho eit underfullt
ord til oss talar.
 
/:Dagen skal atter ny
stiga av raude sky.
Santa Lucia, Santa Lucia.:/


Tone: Frå Sicilia
Tekst: Frå Italia. Til nynorsk ved Ingvar Moe, [år ukjent]
Kjelde: Frå Odd Nordstoga (red.): Song for deg og meg, 2002. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum. Publisert på www.aasentunet.no 2006. 
Brukt med løyve frå familien og Samlaget
Sist oppdatert 22.11.2007