Forfattar Ivar M. Longvastøl, bokomslag Samlaget
Forfattar Ivar M. Longvastøl, bokomslag SamlagetFoto: Samlaget

Søsken til evig tid

Når:
Vaksen
GRATIS

Forfattar Ivar Myklebust Longvastøl har skrive boka ”Søsken til evig tid”. Han kjem til Ivar Aasen-tunet søndag 11. november for å signere boka og fortelje om søskena Oddny og Magnar Kleiva frå Naustdal i Sunnfjord.

– Det var Frode Fimland, mannen bak suksessfilmane om søskenparet Oddny og Magnar, som spurde om eg ville skrive boka om dei. Eg sa først nei, fordi eg meinte det ville vere umogleg å skrive ei god bok etter dei to vakre filmane. Så ombestemte eg meg, fordi eg såg at ein stor del av historia om Oddny og Magnar ikkje var fortalt. Eg bur sjølv i Naustdal og kjenner folket og bygda, og eg hadde lyst på ei ny utfordring, fortel Myklebust Longvastøl i ei pressemelding.

Boka kjem ut på Det Norske Samlaget.