Salen
SalenFoto: David Borland

Nynorske scener

Når:
-

To dagar til nytte og glede for festivalar og andre kulturarrangørar om formidling og bruk av nynorsk.

Velkomen til seminar i Ivar Aasen-tunet, Ørsta, torsdag 19. og fredag 20. november.

Korleis kan vi klare å nytte nynorsk som ein endå betre reiskap i formidlinga, både på scena og i marknadsføringa?

Seminaret skal gjennom utveksling av kunnskap og erfaringar leggje grunnlaget for endå betre kulturarrangement på nynorsk. Seminaret blir arrangert med tilskot frå Språkåret 2013 ved Nynorsk kultursentrum. 

Torsdag 19. november frå kl. 17.30 inviterer vi til samkome i kafeen i Ivar Aasen-tunet med noko godt i glaset, og ein tre rettars middag med spesialitetar frå Aasen-tunet kl. 18.00.

Kl. 20.00 er det klart for Boknatt med jazz. Debutanten Solveig Mette Tjeltveit og dei røynde forfattarane Edvard Hoem og Tormod Haugland les frå og samtalar om dei flunkande nye bøkene sine. Karl Seglems akustiske kvartett byr på melodiøs instrumentalmusikk. Programleiar er Sindre Hovdenakk, redaktør i Prosa og bokmeldar i VG.

Fredag 20. november startar vi opp kl. 09.00 med eit variert seminarprogram gjennom heile dagen fram til kl. 14.30 inkl. lunsj og omvising i Årets museum 2015 Ivar Aasen-tunet. Heile programmet finn de her

Seminarpakke: kr 1500 pr. person for begge dagane som inkluderer all servering i Ivar Aasen-tunet, billett til Boknatt med jazz og seminarmateriell . Det er høve til å søkje om å få dekt dette beløpet dersom organisasjonen de representerer ikkje har midlar til å betale. Søknad til admin@aasentunet.no med ei kort grunngiving. 

Påmelding innan måndag 9. november på admin@aasentunet.no eller ved å fylle ut skjemaet under.


Praktisk informasjon

Vi sørgjer for all lokal transport for dei påmelde som overnattar på hotell.
Overnatting på Hotell Ivar Aasen i Ørsta kostar kr 1095 for enkeltrom pr. natt inkl. frukost. For å få denne prisen, gi opp kode NYNOR ved tinging.
Bussen stoppar langs E39 rett nedanfor Ivar Aasen-tunet. Busshaldeplassen i Ørsta sentrum ligg 2 minutts gange frå Hotell Ivar Aasen. Fjordekspressen frå Bergen/Førde/Nordfjordeid og Timekspressen frå Kristiansund/Molde/Ålesund.
Flyplassen Ørsta Volda lufthamn – Hovden (HOV) ligg 5 minutts køyring frå Ivar Aasen-tunet og 10 minutt frå Hotell Ivar Aasen i Ørsta. Det er lurt å vere raske med å tinge flybillettar. Alternativ lufthamn er Ålesund. Det går flybuss og Timekspress til Ørsta/Ivar Aasen-tunet.

Velkomen!

Påmelding Nynorske scener 2015
  1. Fyll ut skjemaet under innan måndag 9. november 2015.