Rolf Theil
Rolf TheilFoto: Ola Sæther

Morsmålsdagen: Romanispråk i Noreg

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
1007070
Kjøp billettar

Torsdag 21. februar markerer Ivar Aasen-tunet den internasjonale morsmålsdagen med besøk av professor og språkforskar Rolf Theil.

Romanifolk og romane, for nokre kjende som taterane og sigøynarane, har kvar sine språk: Romani og romanes. Rolf Theil ser fram til å fortelje om skilnader og fellestrekk, historie og meir om romanispråk i Noreg.

– Romani og romanes er språka til to av dei etniske minoritetane våre. I Aasen-tunet vil eg fortelje om det historiske tilhøvet mellom desse to språka, korleis dei blir nytta, og litt om grammatikk og ordtilfang.

Theil er lingvist og arbeider i dag som professor i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar ser han på språklege mønster og kategoriar i samanheng med måtar menneske tenkjer på. Han var tidlegare leiar for Landslaget for språklig samling og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling, og hadde språkspalte i Klassekampen og VG. Med kunnskap om nærare 50 språk har Theil halde ei rekkje foredrag, og skriv for det digitale oppslagsverket Allkunne om språk frå heile verda.

– Kunnskap om språk er kunnskap om kultur og folk. Romanispråk og brukarane av desse språka er ein del av norsk kultur, og eg vonar mange kjem til Aasen-tunet for eit spennande møte om noko vi alle kanskje burde vite litt meir om, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet.