Dei nynorske festspela 2015, laurdag 27. juni. Konsert med D.D.E. og Bjarne Brøndbo, uteamfiet, Aasen-tunet.
Dei nynorske festspela 2015, laurdag 27. juni. Konsert med D.D.E. og Bjarne Brøndbo, uteamfiet, Aasen-tunet.Foto: Malin Nordby Kvamme

Møte for frivillige til Festspela

Når:

Og for deg som vil vite meir om kva det inneber å vere frivillig.

Det nærmar seg opning av Dei nynorske festspela. Fire stappfulle dagar med opplesingar, konsertar, samtalar og debattar samlar mykje folk, og innsatsen frå frivillige er svært viktig for å få det til å gå rundt.  

Som frivillig på Festspela får du gode opplevingar og ein unik sjanse til å knyte nye kontaktar. Mange frivillige kjem att år etter år, noko vi set stor pris på og som syner at dette gir meirsmak.
Det er eit flott høve til å vere der det skjer og oppleve ein festival både frå innsida og utsida.

Under Festspela gjennomfører vi 50 arrangement, tek i mot mange utøvarar, og utfører ei drøss små og store oppgåver. Som frivillig er du ei viktig brikke for at alt blir gjennomført etter planen, og gir det vesle ekstra, slik at både publikum og utøvarar, frivillige og andre på innsida, sit att med gode opplevingar, held ho fram.

Dei som er frivillige får fribillettar til festspelarrangement, t-skjorte, middag i kafeen kvar dag du er på vakt og avslutningsfest med mat og drikke.

Kanskje sit du på gjerdet og lurer på om dette er noko for deg? Kanskje har du hatt det i tankane i fleire år, men aldri fått det til å passe med timeplanen?
Informasjonsmøte er heilt uforpliktande, så om du har lyst å vite litt meir før du bestemmer deg, er du hjarteleg velkomen til å ta turen.