Lurivar (Maria Halseth)
Lurivar (Maria Halseth)Foto: Tonje Sætre

Lurivar presenterer: Grunnlova

Når:
VaksenFamilieBarn
5015050
Kjøp billettar

Maria Halseth og Anna Elise Vadset Høver for barn frå fire år og oppover. (I Salen)

– Det eine jubileumsåret bit det andre i halen. Ikkje før er vi ferdige med å syngje "Hei hurra for Ivar Aasen", så er vi i gang med å syngje grunnlovsjubileumssongar. Det er jo berre heilt festjubileumsfantastisk, seier tunkatten Lurivar. Søndag 12. oktober presenterer han Grunnlova slik berre han kan. 

Lurivar er ein ordsamlar av rang. I samband med grunnlovsjubileet har han vore på tur til både Eidsvoll og Stortinget for å finne nye ord. Det blei ei meir merkeleg reise enn han hadde tenkt. – Eg skal snuse meg inn på mange spennande setningar frå Grunnlova og historia frå 1814. Demokrati? Kva er det for noko? Konstitusjon? Det rimar jo på kondisjon, men er vel ikkje heilt det same? funderer Lurivar. 

Lurivar presenterer: Grunnlova er ei spesialframsyning der tunkatten Lurivar (Maria Halseth) og superkattistent Anna Elise Vadset tek borna på ei reise gjennom Grunnlova og tida kring unionsoppløysinga frå Danmark. Lurivar leikar med ord og setningar. Han tolkar Grunnlova hit og dit. Ja, av og til går det litt vel langt, og borna og Lurivar sin makker må hjelpe Lurivar på rett spor att. Ein god dose gjøgleri, litt alvor, ei klype opplæring, ein smak av språk, eit godt mål song og ein porsjon leik. Bland alt dette saman med nye lover og overraskingar, så har du oppskrifta på familieframsyninga Lurivar presenterer: Grunnlova!

Lurivar_foto-Tonje-Stre.jpg
Lurivar_foto-Tonje-Stre.jpg