Omslag Steikje te styr.jpg

Kortreist på farsdag

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
Gratis

Ålesundar Harald Grytten, forfattar Øystein Orten og journalist Kjetil Tandstad har alle bidrege med historier til boka Steikje te styr. 14 forteljingar om Sunnmøre. Søndag 8. november kjem dei til Aasen-tunet saman med forleggjar Torkjell Djupedal i Selja forlag.

14 forfattarar og skribentar fekk stikkordet «Sunnmøre» og vart utfordra til å skrive ein personleg tekst. Fleire har gått laus på den sunnmørske folkesjela og mytane kring den typiske sunnmøringen, andre har skrive noveller, dikt eller mimrar om barndomen. Her finn du historier om fest og spetakkel, såre og vakre barndomsminne, bryllaup og død. Og sjølvsagt ball, mør og svele. 

Sunnmøringar i fleire variantar

Forfattarane er rotekte sunnmøringar, eksil-sunnmøringar, heimflytte sunnmøringar, tilflyttarar – og ein som har gjort det til yrke å vere ålesundar! Historiene vandrar frå sunnmørske fjordar og fjøresteinar til grøne lier og trugande fjell, går innom potetåkeren og til ein kafé eller to.

Dagleg leiar Torkjell Djupedal presenterer boka og andre godbitar frå årets bokhaust. Forfattar Øystein Orten frå Hareid, journalist Kjetil Tandstad frå Sykkylven og byvandrar, skribent og ålesundar Harald Grytten les frå og fortel om sine bidrag. 

Farsdag og jubileumsutstilling

Det er gode farsdagstilbod i butikken og farsdagskake i kafeen i Aasen-tunet. I tillegg er jubileumsutstillinga «Den leiken den ville han sjå» opna. Utstillinga er eit tilbakeblikk på 15 år og 31 temautstillingar, og er laga i samband med at Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015.