Oddleiv Apneseth og Eva Røyrane
Oddleiv Apneseth og Eva RøyraneFoto: Brit Aksnes, Jan M. Lillebø

Klyngetunet

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
150100100
Kjøp billettar

Ein gong fanst det tusen klyngetun i Noreg, og framleis finst det folk som kan fortelje om korleis det er å leve saman slik. Torsdag 14. mars samtaler forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth om boka Klyngetunet i Ivar Aasen-tunet.

Røyrane og Apneseth har tidlegare fått mykje god merksemd med bøkene Norges låver (2014) og Av stein (2017). Denne gongen tek dei med publikum på ei reise gjennom den delen av landet der det ein gong var svært mange klyngetun: strekninga langs kysten frå Agder til Troms. Dei har besøkt til saman femti attståande tun, og i førti av desse møtte dei fastbuande som ser ut til å trivast med naboane tett innpå seg.

– Ideen om å skrive om klyngetun fekk vi på den store låvereisa då vi kom over store klyngetun på Lista og i Nord Noreg, og oppdaga at historia om den norske landsbyen var meir mangfaldig enn vi hadde vore klar over, fortel Røyrane.

Klyngetunet handlar om dei norske bondelandsbyane, og om korleis den dramatiske oppløysinga i perioden 1860–1920 endra det norske landskapet og bygdelivet. Røyrane og Apneseth vil fortelje om stadene dei har besøkt, supplert med forteljingar og spennande fotografi. Vi får også høyre om korleis dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar kan late seg inspirere av denne eldgamle buforma og skape nye bumiljø der folk i dag kan trivast og leve i fellesskap. 

– Boka til Røyrane og Apneseth fortel ei fascinerande historie om Noreg og korleis måten vi lev saman på har forandra seg gjennom historia. Dette blir ein spennande og lærerik kveld, avsluttar programansvarleg i Aasen-tunet Olav Øyehaug Opsvik.