Atle Hansen
Atle HansenFoto: Marte Belsvik Hansen

Klart vi les! Nynorsk barnebokturné

Når:
Vaksen
Gratis

Opning ved forfattar Atle Hansen og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng frå Nynorsksenteret. I samarbeid med Møre og Romsdal fylkesbibliotek og Nynorsksenteret

Er du lærar eller bibliotekar på jakt etter gode nynorske barnebøker? Eller ein forelder som vil lese for borna? Klart vi les! inspirerer og viser fram ny nynorsk barnelitteratur for ulike aldersgrupper.

Måndag 20. oktober opnar Klart vi les! i Ivar Aasen-tunet. I løpet av veka vil forfattar Atle Hansen og ein formidlar ved Nynorsksenteret lese frå og fortelje om barnebøker på nynorsk på fleire bibliotek i fylket. – Arrangementet er gratis og vi håpar å treffe både foreldre og tilsette i barnehagar og skular desse kveldane, seier prosjektleiar Liv Kristin B. Øvereng frå Nynorsksenteret. – Under opningsarrangementet i Aasen-tunet vil vi ha eit spesielt fokus på litteratur for mellomsteget, så då håpar vi mange lærarar tek turen innom.

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet og Øvereng er glad for at dette har blitt eit årleg arrangement. – Vi veit at ønsket om meir kunnskap om nynorsk barneboklitteratur finst, og dette prosjektet vart starta for å bli ein naturleg samlingsstad for å oppfylle dette ønsket, avsluttar Øvereng.

Atle Hansen debuterte i 1997 med barneboka Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Han har seinare skrive bøker for både born og vaksne, men er mest kjend for dei mange spenningsbøkene sine for born og unge. 

Nynorsksenteret vil presentere nynorsk litteratur til bruk for ulike aldersgrupper. Det blir utstilling av nynorske barnebøker, og Ivar Aasen-tunet vil selje barnebøker til dei som er interesserte i det.

Deltakarane får bokliste over dei presenterte bøkene. Det blir enkel servering med kaffi/te og noko å bite i.

Turnéplan:

Måndag 20. oktober kl. 14.30–16.00 
Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda

Tysdag 21. oktober kl. 19.00–20.30
Ørskog folkebibliotek

Onsdag 22. oktober kl. 19.00–20.30
Kulturstova på Batnfjordsøra

Torsdag 23. oktober kl. 19.00–20.30
Aure folkebibliotek 

 


bokrakett.jpg