Loenning, Dag J. NETT foto privat .jpg
Foto: privat

Jordboka II. Nærare naturen. Inn i det kompostmoderne

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
100
Kjøp billettar

15.–16. mars blir Jordboka II lansert på Bryne med stor konferanse om naturnær og berekraftig matproduksjon. Dei som ikkje har høve til å reise dit, kan høyre forfattaren Dag Jørund Lønning fortelje om boka i Aasen-tunet måndag 8. april. Salen var full då han hadde tilsvarande foredrag om Jordboka I, så her er det lurt å sikre seg billett.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Boka viser veg ut av forbrukarsamfunn og industrilandbruk, og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida. Det blir høve til å kjøpe boka på tilbod, med signatur av forfattaren. 

Arr.: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Bondelag, Jordvern Møre og Romsdal, Volda og Ørsta Bonde-og småbrukarlag, Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre, Naturvernforbundet Ørsta Volda og engasjerte privatpersonar