Islandsk strikk
Islandsk strikkFoto: Samlaget

Islandsk strikk

Når:
VaksenStudent
10050
Kjøp billettar

Strikkekveld i Aasen-tunet med Magni Hjertenes Flyum Sal av boka Islandsk strikk og islandsk strikkegarn I samarbeid med Samlaget og Volda Mode Kafeen er open frå kl. 18.00

Likar du å ta fram strikketøyet på kjølige haustkveldar? Då er Aasen-tunet staden for deg onsdag 22. oktober. Klassiske islandske strikkeplagg er trendy som aldri før og Islandsk strikk er den første strikkeboka på norsk med islandske mønster. Magni Hjertenes Flyum har omsett boka til nynorsk og tek turen til strikkekvelden.

– Her kan den strikkeglade få både inspirasjon og tips til dei islandske mønstra, i tillegg til at det blir sal av islandsk garn, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet.

Islandsk strikk er ei bok med kring 60 tradisjonelle, men òg moderne oppskrifter for kvinner, menn og barn. Boka inneheld mange variantar av den klassiske islandske ullgenseren, men også mindre prosjekt som sokkar, vottar og skjerf.

Oppskriftene i boka er frå 1950-talet og fram til i dag, og er laga i samarbeid med den einaste garnprodusenten på Island. I dag opplever produsenten eit stort oppsving, noko den tradisjonelt mønstra ullgensaren skal ha mykje av æra for. Det er Oddný S. Jónsdóttir som har skrive boka.

Etter arrangementet i Salen blir det open strikkekafé. Det vil vere sal av garn, kafeen har kaker og smårettar, og butikken gode tilbod på handarbeidsbøker og andre varer.