juleroser 2016.jpg

Herborg Kråkevik

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenBarnStudent
300150150
Kjøp billettar

Søndag 27. november møter du Herborg Kråkevik og pianist Julian Berntzen i Aasen-tunet. Dei har med ei rykande fersk utgåve av juleheftet Juleroser og julesongar med varme, magi, tradisjonar og klassiske melodiar.

Herborg Kråkevik er ein engasjert kulturformidlar og ein av våre mest folkekjære artistar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar. Juleroser kom ut første gong i København 1882, og spreidde seg til heile Norden. Nye Juleroser kjem ut i år, og har vorte ein juletradisjon frå Samlaget. Initiativtakar og redaktør Kråkevik les frå årets utgåve og syng jula inn saman med pianist og komponist Julian Berntzen. Dei vil framføre den nye julesongen i årets hefte som Julian Berntzen har komponert, men også kjende og kjære julesongar, henta frå albumet Jul i stova.

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik er redaktør og fjorårets Juleroser var det første i sitt slag sidan 1944, og vart ein stor suksess. Også i årets Juleroser er ønsket å gi lesarane store kunstopplevingar og bladet har bidrag frå mellom andre H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kolbein Falkeid, Theodor Kittelsen.

Redaktør Kråkevik har kjære minne om bladet frå barndomen sin: «Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi.»

Julehefte-tradisjonen byrja som eit forlagsinitiativ i Danmark, men spreidde seg raskt til Noreg i 1880-åra. Det første litterære juleheftet på nynorsk for vaksne kom i 1905. Eit utstilling med utsnitt av denne historia opnar same helga som Kråkevik-konserten. Her får du både sjå og lære meir om både dei litterære julehefta og teikneserietradisjonen.

Butikken er pynta til jul og har mange gode gåvetilbod. Nytt av året er mellom anna tova sitjeunderlag, ryggsekk, ulltøflar og solar med Aasen-sitat. Utvalet av bøker til store og små er som alltid breitt og godt. I kafeen er det høve til å få seg ein liten matbit eller eit kakestykke. Arrangementet er i samarbeid med Det Norske Samlaget.