Joakim Hunnes, Ingunn Røyset og Harald Thingnes
Joakim Hunnes, Ingunn Røyset og Harald ThingnesFoto: Paal Audestad, Hugo Opdal og Ole Kaland, NRK.

Harald Thingnes, Joakim Hunnes og Ingunn Røyset. Opning av julehefteutstilling.

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenBarnStudentHonnør
GratisGratisGratisGratis

Forfattarmøter, opning av julehefteutstilling og open julebutikk. 12.00 Harald Thingnes, "Min fyrste skitur" Boksignering 13.00 Opning av julehefteutstilling 14.00 Joakim Hunnes "Bøen" og Ingunn Røyset "Aldri fred å få" Boksignering

12.00 Harald Thingnes, Den fyrste skituren
Kva var det som vekte skigleda hos våre fremste vinteridrettsutøvarar? Også dei har vore mørkredde, hamna sist på resultatlista, slite med for lange stavar og store parkdressar. Likevel voks det fram ein livslang kjærleiken til ski og snø. Skistjernene vil motivere deg og borna dine til gode skiopplevingar. Om du vil bli like god eller berre treng inspirasjon til å koma deg ut, kan Den første skituren hjelpe deg på veg.

Harald Thingnes presenterer og signerer boka si Den fyrste skituren

13.00 Julehefteutstillinga
Opning av julehefteutstilling og open julebutikk 

14.00 Bokkafé i samarbeid med Ørsta mållag
Ingunn Røyset frå Flø med boka Aldri fred å få
Dagny har blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand. Det er mykje spennande ein kan finne i fjøra, men Dagny treng hjelp både frå notid og fortid skal ho finne skattekista hans Ammen. Og når som helst kan det smelle. 

Eit frittståande framhald til barneboksuksessen Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen.

Joakim Hunnes frå Vartdal med novellesamlinga Bøen
Ein tidligare lærar og tobarnsfar har mista alt og klarer ikkje leve lenger. Ein sjømann bankar opp ein kollega som hevdar at kona hans er utru, og blir sendt i land. Ein seksuelt frustrert småbarnsfar innleiar eit forhold til ungdomskjærasten. Ein einsleg bonde tek seg ei postordrebrud og endar med å drikke seg frå gard og grunn. Nevøen hans tek eit sabbatsår for å skrive og flyttar inn på garden. Det bringer tilbake minne om ein skjebnesvanger sumar for tjue år sidan.

Alle dei ni novellene i Bøen utspeler seg i ei lita bygd i Noreg ein plass. Dei handlar om vanlege menneske som står overfor dramatiske val, og om korleis alt som ikkje blir sagt, kan få uana konsekvensar.

Forfattarane les frå bøkene sine og signerer.

Alle programpostane er gratis