Hans Ross. Nokre minne-ord

(Minnestykke, 1915)

Av Torleiv Hannaas

Maalgranskaren Hans Ross døydde i sumar væl 81 aar gamall. Næst Ivar Aasen erhanden som hev gjort mest til aa leggja det vitskaplege grunnlaget for maalreisingi vaar. Men han var inkje ein mann som berre grov seg ned i granskingarne sine. Nei, i fullt maal livde han med i alle tankar og aandsstraumar som var uppe i tidi. Og han hadde sterk trong til aa koma saman med folk og faa sjaa korleis dei livde og høyra korleis dei tala. Um sumrarne laag han for det meste ute paa ferder kringum i landet. Og naar han so kom inn att til hovudstaden, var han jamleg aa finna i lag og lyd. Det er faae maalmenner som hev havt so mange kjenningar i bygd og by som Hans Ross. Difor vert det òg so saknelegt etter honom.
 
 
Hans Ross var fødd paa Fodnebø, prestegarden i Holum i Manndalen, den 14de april 1833. Far hans hadde fyrr vore prest i Valle i Sætesdal, so han hadde høyrt mykje godt maal i si tid. Men som embættsfolk flest heldt han borni sine til aa tala det ”Norsk-prikkede og Norsk-skjoldede Dansk”, som sonen kallar det i fyreordet til ordboki. Elles hev han visst inkje vore streng. Dei lærde og ”Tjenernes og andre Norske Omgivelsers ret selvtrygge, og derfor i Barneøret faldende og sig fæstende, Norsk”. Og Hans hev lydt so væl etter naar bygdefolket song og tala, at han endaa paa sine gamle dagar kunde herma lange roddor fraa barneaari.
 
Daa Hans fekk alderen til det, vart han sett paa latinskulen i Kristiansand. Ein av lærarane der var adjunktThistedahl, som vel er eit av dei største maal-næme Noreg hev havt. Han var av bondeætt fraaTeistedaleni Kvin, hadde teke artium, andre-eksamen og teologisk embættseksamen og aldri fenge andre karakterar ennblank ein. Han vart boden professorembætte daa han var 22 aar gamall, og mange gonger sidan. Men alltid sa han nei. Han vilde, heller vera adjunkt i fødebyen sin.
 
 
Det var han som sette dei tyske professorane i slik undring. Paa ei ferd i Tyskland høvde han ein gong til aa sitja i same vogn som nokre lærde professorar. Dei kom i røde med utlendingen, men visste inkje kven han var. Sidan tok dei til aa dryfta eit vitskaplegt spursmaal seg imillom, og daa tala dei latin. Men Thistedahl la sitt ord med i laget - paa rein ciceroniansk latin. Daa slo dei yver i græsk. Aa ja, han fylgde med der òg. Endeleg tok dei til aa tala hebraisk. Og daa kom Thistedahl fyrst i sitt rette element. Men daa vart professorane forstøkte. Den eine av dei spratt upp, bøygde seg for framandkaren og sa: ”Mitt namn erFranz Delitzch. Torer eg spyrja kven me hev den æra aa tala med?” Og endaa meir forstøkte vart dei, daa dei fekk vita at denne høglærde mannen var ein skulemeister fraa Noreg.
 
 
Hans Ross hadde Thistedahl til lærar paa skulen. Og han gjekk heim til honom og lærde meir, helst hebraisk. Ein dag hadde Thistedahl fenge ei ny bok, som han sat og las i daa Ross kom inn. ”Du Hans,” sa han, ”her er ei merkeleg bok av ein som heiterIvar Aasen. Han syner oss at det gamle norske maalet liver i landet den dag i dag.” - Det var ”Det norske Folkesprogs Grammatik.”
 
Daa Ross hadde gjenge ut latinskulen, kom han til universitetet. Her studera han teologi, og tok embættseksamen med beste karakter. Det var faren som hadde styrt honom inn paa den vegen. Sjølv hadde han inkje hug til aa verta prest. Han for daa til utlandet og la seg etter maalkunne, og var sidan lærar eit sneis aar ved ymse skular i Oslo.
 
Det var i dei dagar han vart kjend med Ivar Aasen og kom inn paa maalreisingstanken hans. Aasen hadde fare hoste snart yver Sørlandet, so han hadde inkje kome til botnar i dei rike bygdemaali der. Han kjende det paa seg at der maatte vera meir aa finna, og han hadde skrive upp ei rekkje med ord som hantruddemaatte liva paa Agder. Desse uppskrifterne fekk Ross med seg og skulde spyrja etter ordi naar han var heime um sumrarne. Og Aasen fekk rett; ordi livde i egde-maalet mest alle saman. Men Ross fann òg mykje meir enn det han leita etter.
Ein av dei eldre maalgranskarane vaare, præsidentChristie, talar um korleis det gjekk honom naar han var ute i bygderne og samla. Spurde han etter eitkvart, so kunde det henda han fann det, og det kunde henda inkje; men han fekk jamt høyra so mykje anna ”nytt” og ukjent at han mest inkje vann skriva det upp alt.
 
Like eins hev det gjenge Ross. Samlingarne hans auka og voks upp, so han kunde senda Ivar Aasen fire fem tusund nyfunne ord fraa Agder og Robyggjelag og Telemarki. Aasen arbeidde daa med andre utgaava av ordboki si; og var alt so langt komen at han fekk inkje nytta alle desse ordi.
 
 
Det var i 1873 ”Norsk Ordbok” kom ut. Etter den dag samla inkje Aasen noko større. Inkje so at han meinte bygdemaali var utgranska. Nei. Endaa han hadde skrive upp ikring 50 000 ord, so segjer han sjølv at ”der er vel ogsaa meget, som endnu ikke er samlet, og som altsaa først kan komme for lyset ved en senere leilighed.” Men Aasen var no ein aldrande mann, og han var trøytt av aa rakla fraa bygd til bygd.
 
 
Daa var det at Hans Ross tok paa for aalvor. I 1877 fekk han ei aarviss løn av stortinget, so han kunde slutta med skulen og berre ofra seg for maalgransking. Han tok no ut paa lange ferder, og hev etter hand reist heile landet yver. Det er vel snaudt um det finst den mann som hev ferdast so mykje ikring i landet vaart som Ross.Yngvar Nielsenkjem vel inkje langt undan. Og avlidne vegdirektørKrag, han var no yver alle til aa vera kjend i kvar kroken.
Ross hadde eit framifraa lag til aa koma seg inn med folk. Han var ein stor og staut kar, og av dei venaste ein kunde sjaa, kvik og maalug, og sprakande full av vit og løgje. Det fylgde honom ein godhjelm, so alle fekk tiltru til honom og røda fall som av sjølve-seg. Og høvde det so at folk inkje hadde stunder til aa setja seg til røda, so gjekk han med dei til skogs eller paa anna arbeid. Paa Sveindal i Grindum hugsar dei enno at Ross var med kvinnfolki paa aakren og tok jordeple ein gong for mange aar sidan.
 
 
Han var so gløgg og gaaig at noko fann han kvar han so ferdast, paa veg eller stræte, paa eimbaat eller jarnveg, i bondestovor eller by-salar. Ofte søkte han til skular der han kunde finna folk fraa mange bygdelag, som lærarskular og underoffiserskular. Og daa dei tok til med maalskeid um sumrarne, daa var Hans Ross ein viss og vælsedd gjest. Paa slike stader grov han inkje berre i sin eigen pose, men han gav òg lika for det han fekk, i innhaldsrike fyrelesingar og i morosame sogor og hermor.
 
 
I hovudstaden hadde Ross alle dagar ei stor arbeidsmark. Der er det samla folk fraa alle landsluter, og han hadde ei mengd med kjeldor som han visste aa gaa til naar det galdt um aa faa greide paa eit eller anna fraa den eller den staden. Inkje minst nytta han stortingsmennerne. Han gjekk ofte i stortinget, og dei sa han dreiv ”korridorpolitikk”.Olaf Sveinssonklaga yver at han var so leid til aa ”sitja folk etter ordi”.
I 1881 gjordeJohan Sverdrupframlegg um professorembætte for Hans Ross. Stortinget gjekk med paa det; men filologarne ved universitetet krangla det dei kunde, og høgreregjeringi bles i stortingsvedtaket og neitta aa utnemna Ross. Det er syrgjelegt aa vita atJohan StormogSophus Buggevar med paa desse meinraaderne. Nokre aar etter, daa Sverdrup var vorten minister, gjekk saki igjenom. Men daa var det Ross som inkje vilde, og so vartMoltke Moevaar fyrste professor i norskt folkemaal.
 
 
Ross dreiv trottugt paa med samlararbeidet sitt, og i 1889 var han komen so langt at han kunde taka til aa prenta paa ”tillegget” til Ivar Aasen. Samlingarne hadde daa vakse upp so det vart eit storverk paa yver tusund sidor, med ikring 40 000 ”nye” ord. Ross’s ”Norsk Ordbog” var ferdig 1895, og ho vart mot-teki med takk og lovord av maalfolket og av dei lærde. Det er av dei verk som aukar vaar aandsmagt og vaar folke-ære.
 
 
Boki er som sagt skipa som eit tillegg til Ivar Aasen. Ross tek inkje upp ord ifraa Aasen, utan so at han hev eitkvart nytt aa segja um: ei ukjend bygdemaalsform, ei sers tyding, eller ein ny heimstad. Og so hev Ross ei mengd med ord som Aasen inkje hadde funne. Aasen hadde drege fram den store grunnstokken av norske ord. Ross fyller ut. Og det gjer han framifraa. Di meir ein nyttar Ross’s ordbok, di meir maa ein undra seg yver kor væl han hev leita og kor gløgt han hev høyrt. So er det òg den skilnad at Ross er ein ættled yngre enn Aasen. Maalgranskingi hadde gjort framstig som Ross kunde draga seg til nyttes. Difor hev ordboki hans i sume ting fyremuner for Aasen. Serleg er det tvo ting som vitskapsmannen set stor pris paa: Ross er nøgnare i ljodrett framsyning av bygdemaalsformerne enn Aasen, og han heimfester nøgnare. Naar Aasen t. d. segjer at eit ord er fraa ”Sogn” eller ”Gudbrandsdalen”, so nemner Ross jamleg bygdi eller grendi der han hev funne det. Ordboki hans kann difor aldri verta for gamall. Det kann koma andre ordbøker som betre stetter dei praktiske krav; men ”Ross” vil alltid hava sitt vitskaplege verd.
 
 
Alle kunnige og norsklynde folk var fegne yver dei rikdomar som Ross drog fram or folkemaalet.
Men ”Aftenposten” grylte noko um ”dyre ord”, og sette seg til aa rekna ut kor mykje kvart ord kosta staten. Slike utrekningar kjem dei aldri med naar staten legg ut store pengar til innsamling av ”daude” minne um folkeliv og bondearbeid i eldre tider. Og rett er det. For alt sovore hev sitt store kulturhistoriske verd. Men det er ein sjukleg romantikk naar dei held graut-ambrar og mykestyngar eller rosemaaling og ervesylv høgre i ære ennlivandeord, ord som er fødde av norsk hug og tanke og borne paa norsk tunge fraa ætt til ætt.
 
 
No, Ross tok seg visst inkje nær av dette uvituge pirket. Han heldt vegen fram som han hadde byrja. Alt medan ordboki var under prenting, kom det inn so mykje nytt tilfang at han laut skøyta atti eit tillegg med same. Og sidan gav han ut tri nye tillegg, eit drjugt eit i 1902, eit mindre 1910, og eit lite 1912. Det er inkje so liketil aa skilja ifraa einannan alle desse bøkerne. Men Ross hadde sine kjenningsnamn paa dei, han. Den store ordboki, det var ”leksiku” - eit ord som han hermde etter ein Manndals-mann, trur eg. Og so gjekk han sjølv denne manndalske tankegangen til endes og laga nokre analogi-namn. Fyrste tillegget var ”leksi-kalven”, eller berre ”kalven”. Daa det kom ein mindre ein, kalla han den fyrste for ”gjødkalven” og den vesle for ”spedkalven”. Siste tillegget var berre paa 10 sidor. Det gjekk under namn av ”skotkalven”; men umdetnamnet var av Ross sjølv skal eg inkje segja.
 
 
Elles var det inkje berre ord Ross samla paa ferderne sine. Men ogfolkediktingogfolkeminne. Den rikaste hausten gjorde han paa Sørlandet, i stroket fraa Jæren til Telemarki. Mykje av desse samlingarne er prenta i ymse bøker og tidsskrifter. Noko finn ein i ”Lauvduskar” og ”Ymse Smaastykke”, og i eventyrboki ”Ein Soge-Bundel”. Tridje utgaava av ”Norske Viser og Stev” er utgjevi av Ross, auka og umvølt. (Fyrste utgaava er avJørgen Moe, og andre avP. A. Munch). Sumt hev han prenta i ”Dølen”, ”Norden”, ”Nyt Tidsskrift”, ”Norvegia” og ”Syn og Segn”. Og mykje hev kome som maalprøvor i ”Norske bygdemaal”. Men største mengdi er kann henda uprenta enno. I folkeminnesamling fyller Ross ut tidi millomLandstad, Jørgen MoeogSophus Buggepaa den eine sida ogMoltke Moeog dei yngre samlarane paa den andre. Og han hev gjort det fagna verk, at han var den fyrste som klædde norske eventyr i rette bunaden: norsk maalføring, norske ord, og norske former.
 
 
Daa Ross var ikring 70 aar, var det paa tale i stortinget aa slaa av paa løni hans. Han var no so til aars komen at ein kunde inkje venta stort meir ifraa honom, meinte dei. Og so vilde dei setja honom paa pension. Men det gjekk no inkje det daa. Som væl var. Ross stod endaa i sin beste brage, og han fekk gjort utruleg mykje etter den tid.
[For Bygd og By. Sundag 16. mai 1915:]
 
 
Han hadde lenge tala um at han vilde gjeva ut eit maalkort med rettleidingar til. Men arbeidet auka under henderne og vart til eit nytt storverk,”Norske bygdemaal”, som er utgjeve av vitskapssellskapet i Oslo i fem drjuge bøker. I fyrste boki gjev han framifraa gode utsyn yver norskt maal i det heile, og greider ut um dei vigtugaste sermerke ved bygdemaali, t. d. den store skilnaden, at dei vestnorske maalføri er meir nymaatens europæiske i ljodverk og tonelag, medan maalføri austanfjells og nordanfjells i desse ting er meir gamalvorne og gamalnorske. Til den bolken høyrer òg tvo gode maalkort. Andre boki er ei grundig utgreiding av ljodverk og bøygjingsformer i vest-telemaalet, med ei rik samling av maalprøvor til. Og i dei tri siste tek han bygdemaali fyre seg og greider dei ut eitt for eitt, men gjer inkje fullt so mykje av det som med vest-telemaalet. Dette store verket var Ross ferdig med i 1909. Det er prenta med ljodskrift, og berre prente-rettingi maa ha vore ei lang og mødesam vinne. Det segjer seg sjølv at eit slikt arbeid, med upplysningar i tusundvis um stort og smaatt, aldri kann verta reint lytelaust, og at ein nok kann finna mistak i det. Men alt i alt er det sers grannvart og paalitande, og det kjem til aa verta ei gullgruve for alle som arbeider med norsk maalgransking. Det var ei stor lukke at Ross fekk fullenda dette verket; han kjende bygdemaali vaare som ingen annan.
”Norske bygdemaal” er skrivi paa landsmaal. Men Ross stavar paa sin eigen maate. Han er fælt knipen paa konsonantarne, som ein kann sjaa av slike ord som ”de kem o de geng”, ”me ell imot”(det kjem og det gjeng, med eller imot). Men det er vel noko uvisst um han fær folk med seg paa denne listerske konsonant-spare-politikken!
 
 
Maalmann var Ross fraa tidleg i ungdomen. Han skreiv mykje i ”Dølen”, og stod fyre utgjevingi av bladet daa Vinje var i England. Sidan hev han skrive i ”Ferdamannen”, ”Svein Urædd”, ”Fedraheimen” og andre maalblad. Dei fyrste bøkerne som Det norske samlaget gav ut, dei var det helst han som stelte med. Og mang ein bokmann kann takka honom for kunnig hjelp og rettleiding.
 
 
Den nationale tankegangen hjaa Ross klaarna og styrkna under upphald i utlandi og gjenom studium av europæiske kultur- og maalrørslor. Han saag korleis alle kulturfolk hegnar um maalet sitt og dyrkar det upp til den største venleik og rikdom. Og han vart meir og meir viss paa at vaart rette kulturmaal, det er det norsk-norske. Dette europæiske synet paa maalreisingi heldt han fram i talar og samrødor, og i eit par smaaskrifter: ”Maalreisningen her hjemme, belyst fra udlandet” (Stavanger 1878) og ”Race. Nation. Sprog” (Kristiania 1909). - Ross var ein norsk europæar av same slag somWergeland, VinjeogGarborg.
 
 
Daa Ivar Aasen for ikring i landet paa samlarferderne sine, var det faae eller ingen av bondefolket som skyna arbeidet hans. Han klagar hardt yver at han mest alle stader møtte ”visse almindelige Fordomme imod Sagen, saasom at Skriftsproget er det eneste rette, og at Dialektformerne kun ere hæslige Forvanskninger af samme, at en Beskrivelse af disse Former er unyttig og latterlig, eller i det høieste kun tjenlig til Morskab, o. s. v. Man bliver saaledes sædvanlig nødt til at bekjæmpe en Række af falske Meninger og at anbefale sin egen Sag saa overbevisende som muligt, før man kan samle de fornødne oplysninger.” Det tyngde arbeidet mykje for Aasen at han soleis jamt og samt maatte slaast med denne bøygen av vankunne og mismæting.
 
 
Ross hev visst mang ein gong vore ute for det same. Eg hugsar han fortalde fraa Dalarne; - dei sa han maatte kje koma og høyra paa det stygge maalet deira. ”Nei, reis te Krestianssand, dørkanndei masa” (tala). Og han sa det paa 70-aarsdagen sin, daa dei heldt fest for han i Oslo gilde, at han tidt hadde kjent seg trøytt og modlaus, og han maatte segja med Vinje: ”Her gjeng eg stundom slitenog leitar etter ord”.
 
 
Men um Ross kann ha møtt mykje av rangsyn og uvilje, so er eg viss paa at han møtte likso mykje av veksande skyn og vaknande samhug. Han hev sétt korleis det grodde etter Aasen og Vinje. I mange bygder var dei gløggaste og gaaverikaste av folket gripne av maaltanken, og dei stod ferdige til aa hjelpa Ross det dei kunde. Han vann seg etter hand ein heil flokk av vener og hjelpesmenner, og han hev vore ein kjærkomen gjest i mange heimar. Eg hev inkje ein men mange gonger havt den gleda aa funne farvegen etter honom kring i bygderne. Fyrst røda fell um Ross, so dreg folk seg, til minnes mang ei hyggjeleg stund dei hev havt i lag med honom, og det er lett aa merka at han hev vekt tankar og skapt hugmaal i meir enn ei leid.
I det heile er det ei side ved arbeidet aat Aasen og Ross som ein inkje maa gløyma:dei hev vore gode vandrelærarar i maalvit og maalkunne. Og berre den ting, at lærde menner ofrar si tid, og at stortinget gjev pengar til gransking av bygdemaali, det gjev saki vegt og vyrdnad ute millom folket. Dei undrast nok paa det for det fyrste og tykkjer at pengarne vert kasta burt i usømdi; men det dreg etter i lengd i, og dei kjem gjerne i tankar um at heimemaalet visst maa vera meir verdt enn dei hev kome i hug.
 
 
Aasen og Ross hev soleis rudt undan mykje av hindringarne for norsk maalgransking. Dei hev grave grunnen og gjort arbeidet lettare for dei som etter kjem.
Dei som etter kjem? Er det noko meir aa gjera no? Hev inkje Aasen og Ross tømt maalkjeldorne vaare? Aa nei, dei vertaldritømde. Ross segjer sjølv i fortalen til ordboki at ”det Ordforraad som det hele Lands Norske Tale raader over kan ... trygt paastaaes at være endnu meget større end det hidtil fremfundne”. Og han meiner at det enno finst mangerot-orddesmeir, som inkje er uppskrivne. Det er inkje aa leita etter ord som aa leita etter vokstrar. Naar ein botanikar hev fare grundig yver eit stykke mark, so kann han segja at der er inkje meir aa finna. Men ein maalgranskar kann aldri segja at det inkje finst fleire ord enn dei han veit um. For det er so tidt eit høv og hende um han fær høyra ordi eller inkje.
 
 
Ross heldt som sagt paa med innsamling like til det siste. Og andre hev òg gjort ein etterrakster her og der. Den største er vel dr.Vidsteens”Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland”, som til denne dag er den einaste nyare norske ordbok yver maalet i ein einskild landslut. So hevSchjøttfunne mykje, som han hev nytta i ”Dansk-norsk ordbog” og i den nye ”Norsk Ordbok” (1914). Og dyrlækjarKjoss-Hanseni Eikersund hev gjort ei rik innsamling av ord i sitt yrke fraa Jæren og Dalarne. Ja berre i dei tvo smaae bygderne Lom og Sjaak hevOlav Aukrustfunne yver tusund ”nye” ord no i dei siste aari. Ogeg  hev samla noko i ymse strok av landet.
Det er store rikdomar av norske ord som no er ”bokførde”. Men dei er spreidde so mange stader, i ordbøker med tillegg og tilleggs-tillegg, at det er vandt aa faa yversyn yver dei. Schjøtt hev samla i den nye ordboki si det som mest trengst til daglegt bruk. Men ei stor, vitskapleg ordbok paa norsk yver alt det som no er kjent av nynorsk maal, det vert so aa segja eit livsverk for ein maalgranskar.
 
 
Elles er det vel andre sidor av maalet vaart som for det fyrste treng meir til gransking og utgreiding, serleg ordlagetogmaalføringi. Men òg der hev Ross gjort eit godt fyrearbeid.
Hans Ross var fødd og uppvaksen paa Agder, og han heldt seg for egd all sin dag. Han kjende bygderne og folket der sør som ingen annan. Og han kunde taka djervt til ords for sambygdingarne sine naar han totte dei leid u-lut eller vart rangvist dømde. Det var ein gong ein lærd mann som hadde vore noko lausmynt um listringarne. Men Ross køyrde honom hardt til veggs i ei liti bok som han kalla Lister”.
 
 
Fraa Agder hadde òg Ross ei usturteleg mengd med løglege rispor og hermingar. Og han fortalde godt, hoggande godt. Han var ein rødemeister av dei faae. Anten han hermde etter andre eller han lagde ut sjølv - det kunde vera um maalstræv, politikk, kunst, vegbyggjing, gatenamn eller kva som helst - alltid var det gaman aa lyda paa, daavisst for den som berre var i lag med Ross so av og til. Dei som var mykje saman med honom fekk vel ofte høyra same sogorne, og dei kunde nog stundom tykkja at han vartvællang-rødug. Han visste det sjølv òg; men han orsaka seg med det gamle ordet ”senectus est natura loquacior”. (Gamlingarne er svallesjuke av natur). Og so visste han alltid aa nemnadeisom var verre enn han sjølv! Det var elles ventande at Ross laut faa tala naar han kom saman med folk. For heime hadde han ingen aa røda med.” Han var gamall ungkar og livde einsmall. Lenge budde han i Kyrkjevegen uppmed Vestre Aker, i øvste høgdi i eit stort murhus, med utsyn fire fem mil vestyver. Der lika han seg godt, og lét um at han inkje vilde flytja der ifraa fyrr den store flytjingi. Men so sette dei bakstre-hus i kjellaren, og Ross kjende gjemen upp i romi sine. Daa var det ute med trivnaden. For var det noko han aldri kunde tola, so var det skjemd og kvævi luft.
 
 
Han gjekk daa lengstom og lenge og leita etter eit nytt husvære, og seinst fann han det i General Birchs gate, nordanfor Sant Hans-haugen. Der var det like sjaasamt som i Kyrkjevegen, minst. Og like høgt og fritt. Han braut ned veggjer og slo saman tvo tri rom til ein stor sal, som han fyllte med bøker og bilætkunst. Han hadde i hundradvis med maalarverk, og mange av vaare største meistrar. Dei mætaste hadde han skilt kunstmuseet i Oslo for mange aar sidan.
Her i desse ljose, vene salarne tok Ross imot vener og kjenningar. Sundag fyremiddag var det som oftast ein heil flokk paa vitjing. Daa kunde det spraka av vit og løgje, og daa var røderneisteren Ross i sitt rette lag.
 
 
Men so visst som middagsstundi kom, so var den rake, drustelege gamle mannen aa sjaa paa Karl Johan. Der raaka eg honom for eit par aar sidan. Daa hadde me ikkje funnest paa lenge. Han tok upp ei liti bok og gav meg. ”Her er mit sidste senile produkt!” sa han, den skjemtegauken. Eg las boki so snart eg fekk stunder, og ho var skamm alt anna enn senil.
Paa Karl Johan raaka eg Ross i sumar òg, ein maanads tid fyrr han døydde. Det var sjaalegt at han hadde falle; men han var toleg frisk og fjørug endaa. Me gjekk av og aat middag saman. Han gantast med gjentorne som reidde bordet, og var kvik og morosam som fyrr.
Det var siste gong eg saag Hans Ross. Den 13de juli fekk han feigdarbodet, eit slagtilfelle. Han vart førd til sjukehuset paa Ulevaal. Der audast han 16de juli um morgonen.
 
 
 

Frå For Bygd og By. Sundag 2. mai 1915 og 16. mai 1915. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad