Oeyehaug, Gunnhild foto Aasen-tunet nett.jpg
Foto: Aasen-tunet

Gunnhild Øyehaug: Presens Maskin

Når:
Kvar:
Salen, Ivar Aasen-tunet
VaksenStudentHonnør
200150150
Kjøp billettar

I sin tredje roman kastar Gunnhild Øyehaug romanfigurane sine inn i nye dimensjonar. Tysdag 2. april snakkar ho med journalist og forfattar Bjørn Vatne i Aasen-tunet. 

Gerd Elin Stava Sandve i Dagsavisen er ein av fleire litteraturkritikarar som rosar Øyehaug: «At nokon tør skrive romanar som eksplisitt handlar om språket, til og med om sjølvaste eksistensen – og klarer å gjere det leseverdig og spennande, faktisk morosamt. Kort oppsummert: Det er fint at Gunnhild Øyehaug skriv bøker.»

Programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Aasen-tunet meiner publikum har mykje å glede seg til når forfattaren møter Bjørn Vatne til samtale i april.
– Gunnhild Øyehaug er ein fantastisk forfattar, og med Presens Maskin har ho skrive nok ei fascinerande og artig bok. Eg gleder meg til å høyre henne fortelje om korleis ho blei til, seier Opsvik.

I boka får vi høyre om Anna og Laura, mor og dotter, som lever i parallelle univers. Dei veit ikkje om kvarandre, og i liva til begge er det noko som ikkje stemmer. Presens Maskin er ein kjærleiksroman om livets ubotelege einsemd. Om uante konsekvensar av feillesingar, om fåkunne og undring, om merkelege lys på himmelen, strandsniper, barn, språkets indre, uforståelege pianostykke, og ikkje minst om menneske i relasjon til andre menneske. Øyehaug har hovudsakleg lagt handlinga til Bergen og Volda, og ein konsert i det ærverdige Kaarstadhuset på Høgskulen i Volda har ein sentral plass i romanen.

Gunnhild Øyehaug frå Ørsta har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og den amerikanske utgåva av debutromanen Vente, blinke blei i 2018 nominert til National Book Award, ein av dei mest prestisjetunge litterære prisane i USA. Ho har tidlegare vore litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, og redaktør for litteraturtidsskriftet Kraftsentrum (2005–2009) saman med forfattar Olaug Nilssen.

Forfattar og journalist Bjørn Vatne debuterte i 2015 med romanen Slik skal vi velge våre ofre, som blei kåra til Årets roman av norske bokbloggarar. Vatne har i fleire år stått bak Ålesund litterære salong, som mellom anna arrangerer bokbad og skrivekveldar for litteraturinteresserte.