torbjrnurke_992x627.jpg

Gud skapte, Linné ordna, Aasen samla

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenStudent
10050 (student og ungdom)
Kjøp billettar

I dette foredraget fortel Torbjørn Urke om korleis Ivar Aasen vidareførte det omfattande arbeidet til Carl von Linné. Aasen samla og organiserte hundrevis av planter etter systemet til Linné og la til både norske og sunnmørske namn.

– Eg vil med ord og bilete presentere den forvitnelege soga om Carl von Linné som laga orden i både plante- og dyreriket. Men han var også ein skrue! seier Torbjørn Urke.

Carl von Linné, 1707–78, var ein svensk botanikar, zoolog og lege. Frå 1741 verka han som professor i medisin, seinare også i naturhistorie, i Uppsala. Linné sette inn ei umåteleg arbeidskraft for å nå det store målet sitt: å innføre nye inndelingssystem for plante-, dyre- og mineralriket.

Linné ordna internasjonale namn til både plantar og dyr på 1700-talet, ei namneliste som i dag er grunnleggjande for den som vil lære seg namna og skilnadene på ulike artar, planter og dyr. Den unge botanikaren Aasen sette i hop eit herbarium der han ordna plantane etter Linné sitt system og sette latinske, norske og sunnmørske namn på over fem hundre planter frå eit avgrensa geografisk område på Nordre Sunnmøre.

Ivar Aasen byrja å samle plantar etter at han flytta til Solnør gard i 1835, i dag Skodje kommune utanfor Ålesund. Fire år seinare var han ferdig med eit herbarium med heile 509 planter frå Sunnmøre. Fleire år tidlegare hadde han laga ei liste over plantenamn i Hans Strøms historisk-topografiske skildring av Sunnmøre frå 1760-åra.

Interessa for botanikk meinte han sjølv kom frå ei plantelære av den danske botanikaren J.W. Hornemann, som han hadde lese hausten 1837. Tiår seinare brukte han den boka som rettesnor for si eiga bok Norske Plantenavne i 1860, skriv Ottar Grepstad i Historia om Ivar Aasen. Aasen snikra ein liten skuffekommode som han brukte til å ordne og sortere plantar i. Denne er i dag stilt ut i Aasen-tunet saman med herbariet.