Tove Bakke
Tove BakkeFoto: Tove K. Breistein

Fransk soirée

Når:
VaksenStudent
150100
Kjøp billettar

Forfattar og omsetjar Tove Bakke om "Billie" av Anna Gavalda. Samtale mellom Bakke og Jean Yves Gallardo. Franske tonar av Øyvind Robak på bandoneón.

Det er duka for fransk kveld i Aasen-tunet onsdag 24. september. Anna Gavaldas norske omsetjar Tove Bakke kjem for å snakke om Gavaldas siste roman Billie. Det blir fransk musikk med Øyvind Robak og fransk mat i kafeen.

Den verdskjende, franske forfattaren Anna Gavalda er omsett til nynorsk av Tove Bakke. Bakke kjem til Aasen-tunet for å snakke om den siste romanen til Gavalda, Billie, og korleis ho arbeider med å omsetje frå fransk til norsk. Samtalen blir leia av franskmannen Jean-Yves Gallardo, som har lang erfaring frå norsk og internasjonalt kulturliv.

Billie er historia om to svært ulike menneske som ikkje let fordommar eller skakkøyrd barndom stå i vegen for livet og draumane sine. Bokmeldarane er begeistra både for romanen og for den nynorske omsetjinga til Tove Bakke: «Det røffe, uortodokse, ungdommelege slangspråket til den franske forfattarinna kjem fint fram i Tove Bakkes sprelske, nynorske omsetjing.» melde Steinar Sivertsen i Stavanger Aftenblad.

Tove Bakke set om verk av høg litterær kvalitet og eit mangfaldig utval av verdslitteratur. Ho har til no omsett om lag 60 faktabøker, romanar, skodespel, diktsamlingar, sakprosabøker og skjønnlitterære bøker for barn og ungdom.

Øyvind Aspenes Robak kjem til Aasen-tunet onsdag for å lage fransk stemning med bandoneón. Robak er mellom anna kjend for å ha sett tone til dikt av Ivar Aasen i tradisjonell argentinsk/uruguayansk tangostil. Fransk er også dagens meny i kafeen, der du kan kjøpe heimelaga, fransk løksuppe.

 

gavalda_anna_billie.jpg