Fraa Strilelandet.

 
(Brevsending.)
 
Naar "Fedraheimen" kjem med Posten og ber med seg eit Brev fraa Strilelandet, so ventar visst flestalle Lesarar det skal vera ei "Strileregla", slike som dei pla prenta av i "Fraa By og Bygd." Men denne Gongen var det no inkje meint paa at vera nokor Regla, men ei liti Brevsending berre um korleides me hava det her heime paa Bygdom ikring den gamle Stiftsstaden vaar. Fyst lyt eg segja at det inkje er myket korkje med Lesnad elder Skriving her hjaa oss, for slikt Arbeid løner seg so litet; me finna at det løner seg betre fyre oss at driva paa med Laksefiske og annat Fiske, med Fehandel og Bygningsarbeid. Og naar me ero heime, pusla me med Jordarbeidet og vøla Gardarne vaare, slagtar Fe og fører Kjøtet til Byen, barkar Huder og Laksenøter og meir slikt. Strilen er vel kjend fyr aa vera arbeidsam og onnug, det finnst knapt flittigare Folk til en Strilebønderne; lat dei so lasta oss fyre det kveim som vil, me tykst staa oss best paa det. Desse nye Skularne, som Folkehøgskular, Amtsskular, Kveldskular hava helder inkje vilja trivast vidare til dessa.
 
Her fyre Jol var det einkvan som vasla og snakka um at dei inne i Hovudstaden hadde teket paa med eit nytt Blad paa Bondemaal; eg fekk slik ein brennande Hug paa aa hava Fat i detta Bladet, at jamen foor eg mest eins Ærend til Byen til aa spyrja etter, og kor det no gjekk helder inkje, so var eg so heppen at ein Kjellarmann styrde meg inn til Ein dei kalla "Maalstrævaren" og han gav meg baade "Fedraheimen" og fleire Blad, og dei er paa Strilemaal mest alle ihop. Me fann slik ei Moro i desse Bladi, baade eg og Grannen, at me lagde oss ihop aa vilde halda eit utav deim og daa særlege Fedraheimen, for der er nokot av kvart baade nytt og gamalt. Det vilde vera so gildt at hava desse Bladi med oss, naar me fara paa Sumarfiske, til Lester i Lakseverpi, for daa er det sum Tid so fælande audslegt. Nokot vidare nytt kann eg inkje hava at fortelja um, nettupp no. Det do ei Kona inne i Brudvik litle Jolaftan og ho var 101 Aar gamal. Ho hadde etter seg ilive 9 Born (6 vaaro daude fyrr) 36 Borneborn og 64 Bornebornsborn. Ja det er fælt kor gamle Folk verta inne i Ostrefjorden, det er mange gamle Folk paa 80 til 90 Aar; det er her mest likso det fortelst i ei Segn i fraa Ruuddalen, at Folk vardt so eldgamle avdi Dauden fann inkje Vegen upp til deim. Men no ser det ut til at dei Svenskarne, som er paa Jarnvegsarbeid inne i Sørfjorden, vil hjelpa Dauden til aa gjera Ende paa Folk. Det er nokre gudlause Kroppar mange av dei; naar dei berre faa Fat i Brennevin, so sky dei ikkje kvat dei gjera. Fyre tvo, tri Vikor sidan foor dei dragande til Fengslet inne i Byen med tri Stakarar, som hadde drepet ein Mann, og ein Mann dei skamslo nyst fyre Jol, skal vera daaen. Ellest fortelst det, at dei skal hava skamsleget fleire, men eg heve inkje so god Greida paa det at eg kann segja fraa kor det heve gjenget til, og det same kann det vera, for det er altid nokk av det som galet er. Ute i Blomvaag kom det ifjor nokre Svenskar til at byrja med "Bankfiske" paa Storeggi, og det segja dei skal ganga godt. Det var ein Kjøpmann i Aalesund, som fekk Svenskarne dit og han heve sett seg upp Saltehus og Greida til at verka Fisken. Desse Svenskarne er nokre harbalne Karar, som sky korkje Vind elder Veir; hadde dei inkje voret so drjuge til aa drikka, hadde dei gjort Skam paa Strilen, for dei halda ut naar me maa søkja Land. Detta kann koma myket av dei store Skøyterna dei hava, medan me berre hava opne Baatar og helder inkje ere vane med at fara so langt paa Havet.
 
I Marts 1878.
 
L. N.
 

 

Frå Fedraheimen 03.04.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum