Kristine Ullaland
Kristine UllalandFoto: Mads Maurstad

Foredrag: Lev søppelfritt!

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
Vaksen
GRATIS

Sist Kristine Ullaland gjekk ut med restavfallet heime, var i 2015. Tysdag 5. februar kjem ho til Ivar Aasen-tunet for å snakke om Zero Waste som tankesett og korleis ein kan redusere avfall som individ, bedrift og kommune.

Kristine står bak Norges første Zero Waste-blogg, Grønare kvardag, som har mottatt stipend frå Noregs Mållag. Til dagleg jobbar ho som dagleg leiar i bedrifta Zero Waste Norge, der ho hjelper bedrifter med å redusere og eliminere unødvendig avfall. Bedrifta fekk i 2018 Hordaland Fylkeskommunes miljøpris for sitt nytenkande arbeid.

I tillegg vil Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS og Søre Sunnmøre Reinhaldsverk fortelje om kva og kor mykje vi kastar, og kvar det hamnar. Dei vil også ha stand i resepsjonen i pausane, saman med Sunkost Volda, NMS Gjenbruk, arrangørane Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet, RE:ACT og Natur og ungdom. Kulturinnslag vert det også.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Kafeen er open heile kvelden.