Fedraheimen på nett

Fedraheimen på nett

Fedraheimen er ei av dei viktigaste avisene i norsk pressehistorie. Avisa blir no publisert på Internett, og så langt er dei tre første årgangane klare.

Nynorsk kultursentrum samarbeider med Norsk Ordbok 2014 om å digitalisere og gjere tilgjengeleg avisa Fedraheimen som blei utgitt som vekeavis i perioden 1877-1891. NO2014 er ansvarleg for å overføre tekstane til digital form, medan Nynorsk kultursentrum legg kvar artikkel frå avisa inn i ein database som ein kan søkje i og lese gjennom Internett. Dette er eit pionerprosjekt ingen andre norske aviser er lagt ut på Internett i fulltekst, fortel dokumentasjonsleiar Eirik Helleve.
 
Så langt er det dei tre første årgangane (1877-1879) som blir tilgjengelege. Desse inneheld i alt 176 utgåver. Arbeidet med å leggje ut dei neste årgangane er alt i gang, og før nyttår 2008 blir også 1880-årgangen publisert. Avisa var på mange måtar eit nasjonalt avisprosjekt ho blei redigert på fire ulike stader (Kristiania, Tynset, Skien og Fredrikstad), og minst 11 personar redigerte avisa i kortare eller lengre tid. Mellom desse var Arne Garborg, Rasmus Steinsvik og Ivar Mortensson Egnund. Medarbeidarane kom frå store delar av Sør-Noreg, og det kom lesarbrev frå alle fylka i landet. Fleire av dei som skreiv i Fedraheimen var seinare knytt til avisa Den 17de Mai. Ved sida av Dølen var dette dei viktigaste nynorskblada før 1940.
 
Fedraheimen er ei viktig avis, som til no har vore lite tilgjengeleg. Stoffet i Fedraheimen har høg kulturhistorisk verdi. Avisa blei gradvis viktigare i samfunnsdebatten, samstundes som det var ein arena for nynorske skribentar, også skjønnlitterære. Fleire forfattarar debuterte her, og einaste gongen Per Sivle publiserte diktet Dan fyrste songen var i Fedraheimen. Dette var i november 1877, slik at dei som vil kan klikka seg inn på www.aasentunet.no/fedraheimen og sjå korleis dette diktet då såg ut, seier Helleve.
 
(09.11.07)