Osland,-Erna_Nasevis_utstnitt-640x410.jpg

Familiedag med juleverkstad (Ørsta)

Når:
VaksenFamilieBarn
5015050
Kjøp billettar

13.00 Førjulsstund med høgtlesing. Forfattar Erna Osland med boka "Nasevis". 14.00–16.00 Luktekonkurranse og juleverkstad. Utandørs barnekunstutstilling. Risgrynsgraut i kafeen Høver for born frå 4 år.

– I år blir det tradisjonell førjulsfamiliedag, ispedd ein god dose humor, seier programansvarleg Karine Munch i Aasen-tunet. Søndag 8. desember er det lesestund, lukteverkstad, baking av pepparkakenasar og mykje meir. God julestemning sørgjer voldajentene i koret desiBelle for.

Forfattar Erna Osland les frå den siste boka si, Nasevis, som handlar om alle dei ulike nasene som finst, og alt dei kan brukast til. Jentekoret desiBelle har gitt ut cd med nye, nynorske julesongar, og tek med nokre av desse til førjulsstunda.

Juleverkstad

Rundt i utstillinga vil det vere ulike verkstader etter programmet i Salen og programansvarleg Karine Munch lovar både tradisjonelle juleaktivitetar og eit par alternative påfunn, som til dømes ein luktekonkurranse med julelukter . – Vi har fått tak i eksotisk papir av elefantbæsj, som skal bli til vakre og utradisjonelle julekort, seier Munch.

Utandørs kunstutstilling og lydsti

Boka Nasevis av Erna Osland har inspirert over 300 barnehageborn til å lage utandørs kunstutstilling i Aasen-tunet, som opnar torsdag 5. desember. Utstillinga skal henge ute fram til jul og her er fantasifulle naser i alle fasongar og materiale. – Vi oppmodar også publikum til å gå lydstien i Gamlevegen opp i tunet familiedagen. Der får du høyre mange dyrelydar, avsluttar Karine Munch.

Erna Osland debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste og prisløna bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2007.

Julegåver og førjulsgraut

Mellom øktene kan du kjøpe risgrynsgraut i kafeen, og det blir premie til den som finn mandelen. I julebutikken finn du noko til alle generasjonar og det er gode tilbod på nynorske barnebøker.