familiedag naturen kollasj.jpg

Familiedag: Naturen

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenBarn
5050
Kjøp billettar

Søndag 2. oktober er det familiedag i Aasen-tunet. Forteljar Nina Elisabeth Bøe og aktivitetsleiar Line Katrin Moe tek borna med inn i kunstmålar Nikolai Astrups magiske og kreative verd.

– Familiedagane i Aasen-tunet er svært populære, og no innfører vi familiedag første søndag i kvar månad, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan, som fortel at det vil vere ulike tema på kvar familiedag utover hausten.

Komande søndag handlar det om å la seg inspirere av naturen, og bruke ting ein finn der både i leik og aktivitetar. Utgangspunktet er ei heilt ny barnebok for dei yngste om kunstmålaren Nikolai Astrup frå Jølster.

Boka viser om lag femti Astrup-verk og er sett saman med foto, tekst og illustrasjonar. Tanken er å gi nye og kanskje overraskande blikk på kunsten til Astrup, samstundes som å invitere til undring og samtale mellom barnet og den vaksne. Boka er laga av Helga Anspach og Torunn Myrva i samarbeid med KODE, Kunstmuseene i Bergen.

Nina Elisabeth Bøe møter borna til samlingsstund, og tek dei med inn i denne fantasirike kunstnarverda. Her møter du menneske, dyr og natur, skjulte figurar, små detaljar og spennande historier, og borna får aktivt vere med på det som skjer på scena. Bøe er profesjonell skodespelar og teaterlærar, for tida engasjert i NaKuHel Sande, ein organisasjon som bidreg til heilskapstenking og kreativitet kring natur, kultur og helse.

På aktivitetsverkstaden får borna bruke eigen kreativitet under leiing av illustratør Line Katrin Mo. Element frå naturen og fantasien til kvart einskild barn vil vere med å skape eigne forteljingar og motiv på papiret.

Kafeen serverer vaflar og butikken har gode tilbod på nynorske barnebøker. Arrangementet høver best for born frå fem år og oppover.