Utsnitt frå "Monsterbråk"
Utsnitt frå "Monsterbråk"

Familiedag: Monster

Når:
Kvar:
Ivar Aasen-tunet
VaksenBarn
5050
Kjøp billettar

Storemonster og Veslemonster er to skumle og sjarmerande monstervener med kvasse tenner og kraftige, hårete kroppar. Søndag 6. november får du møte dei i Aasen-tunet – i lesestunder og på monsterverkstad. Kafeen serverer skumle ostesmørbrød.

– Familiedagen tek utgangspunkt i gode monsterforteljingar for born, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan. Denne søndagen blir det lesestund i Salen kvar heile time. Formidlar Liv Astrid Skåre Langnes les frå bøkene om Storemonster og Veslemonster, og ho har også valt ut forteljingar frå Monsterboka

Bøkene om Storemonster og Veslemonster er biletbøker som tek opp viktige og vanskelege tema på ein humoristisk måte. Her er monstera både litt skremande og veldig morosame, og kanskje kan dei fortelje oss litt om korleis det er å vere menneske. Monsterboka er ei samling med tjue illustrerte monsterforteljingar av forfattarar som Arnfinn Kolerud, Ruth Lillegraven, Lars Mæhle og Bente Bratlund.

På monsterverkstaden kan borna lage sine eigne monsterprodukt. Dei kan teikne og fargeleggje stilige monster. Dei får også lære å brette sine eigne monsterbokmerke, lage monsterkort og skumle masker.

Kafeen serverer skumle ostesmørbrød frå kl. 12.00.

Arrangementet høver best for born frå 3 år og oppover.

I samarbeid med Skald forlag.